Ytring frå Jan Anders Timberlid.

Om å setje tæring etter næring


Høyanger kommune står framfor ei kraftig innsparing på alle område dei neste åra. Mellom anna skal det for neste år sparast 2,6 millionar innan oppvekst og ein knapp million innan helse og omsorg.

Likevel vel kommunen å lyse etter ein ny kommunalsjef innan området samfunn, noko som inneber auka lønnsutgifter og meir byråkratisering for kommunen. Kommunestyret godkjende framlegget, der SV også var med og støtta dette. Kva som skal liggje inn under denne stillinga, er tydelegvis enno ikkje heilt klart. 

I utlysingsteksten står det at kommunen er i ein organisasjonsutviklingsprosess der det ikkje er klarlagt kor mange tenester som skal leggjast til dette området. Dette siste verkar noko forhasta. Vanleg praksis når ein lyser etter folk, er å finne ut kva stillinga inneber før ein lyser etter den kompetansen ein vil ha.

Rett nok ligg dei resterande områda teknisk, kultur og næring innanfor dei områda den nye kommunalsjefen skal jobbe med. I utlysinga vert det også lagt vekt på at samarbeid mellom sektorane skal vere ei viktig oppgåve. Men dette er vel noko som har vore eit viktig mål i drifta av dagens kommune; samarbeid på tvers av sektorane er ikkje noko nytt.

Det er positivt at Høyanger kommune gjer omstruktureringar i ei tid då det vert sett strengare krav til kommunale tenester. Men i ei tid med dårlegare økonomi som eit resultat av stort bortfall av store kraftinntekter, kunne det vere ein idé å vente med slike nytilsetjingar.

I følgje Ytre Sogn skulle desse kraftinntektene ta seg opp att på sikt, kanskje alt frå neste år. Då kunne det vere meir passande å søke etter nye folk i sentraladministrasjonen.

Jan Anders Timberlid