Olivia (89) fekk den første koronavaksinen

Skrevet av
07.01.2021 11:55 - OPPDATERT 07.01.2021 13:55

- Nokon må jo vere først, seier Olivia Hatlestad (89), bebuar på Kyrkjebø sjukeheim, til Ytre Sogn.

Dei var nemleg først ut då vaksineringa mot korona starta onsdag denne veka. Og først ut var altså Olivia Hatlestad, som fyller 90 år 1. mai.

- Korleis er det å vere første i Høyanger kommune som får denne vaksinen?

– Nokon må jo vere den første, så det tykkjer eg er heilt greitt. Eg er ikkje nervøs for å ta den, men håpar berre at det eg ikkje får nokon andre biverknadar enn litt stivheit, som eg har blitt fortalt at ein kanskje vil kjenne i armen etterpå, seier ho til Ytre Sogn og tykkjer at det er veldig ålreit at dei får denne vaksinen no.

- Så får vi berre håpa at den hjelper og at alle held seg friske, og at vi ikkje får noko smitteutbrot her på sjukeheimen, seier ho.

Sjølv tykkjer ho det er viktig at alle tek vaksinen.

- Heilt sidan eg jobba på Tronvik har eg kvart år teke influensavaksine, noko som har vore med og styrka immunforsvaret mitt. Ja, eg kan faktisk ikkje hugs siste eg var forkjøla, sjølv om andre folk rundt meg har vore der, seier Hatlestad.

Som takk for å stille først i vaksinekøen fekk Olivia Hatlestad ein bukett roser frå dei tilsette på Kyrkjebø sjukeheim og Høyanger kommune. Her er ho saman med sjukepleiar Oddny Berge (t.v) og institusjonsleiar Oddny Sørestrand.

Les meir i neste Ytre Sogn!

[annonse]