Ordførar Petter Sortland svarar på Hroar Holm Carlsen (H) sin interpellasjon.

Og dette svarar ordføraren

Ordføraren deler fullt og heilt Hroar Holm Carlsen si framstilling av no situasjonen i Høyanger. Vi er også samde om kva som må til for å lukkast med å trekke til oss og busetje fleire innbyggjarar. Her må eit breitt tilbod av bustadalternativ ligge i botnen.

Det er starta eit arbeid med revisjon av handlingsdelen til bustadpolitisk plan. Det er gjennomført to møter internt i kommunen, og eit møte med Norconsult v Arne Kringlen.

Vi har planlagt ein «workshop» over sommaren, der vi vil invitere inn lokal byggjarnæring og andre aktørar for å drøfte kva tiltak som må på plass for å stimulere bustadmarknaden i kommunen.

Vi har avgjort å rive to firemannsbustadar i Einar Ramslisgate. Dette vil bli utført over sommaren i år. 

Vi har solgt over ti kommunalt eigde bustadar til private sidan 2020.

Vi har uterbeida retningslinjer for tildeling og utleige av kommunale bustadar. Dette er for å vere meir strategiske i bruken av den kommunale bustadmassen. Vi er ein stor og viktig aktør på den lokale bustadmarknaden, også når det gjeld gjennomgangsbustadar. Dei nye retningslinjene kjem til politisk handsaming over sommaren.

Vi har planlagt møte med husbanken og statsforvaltar over sommaren, då statforvaltaren no har fått ansvaret for husbanken sitt virke.

Vi har gjennomført møte med einskilde utbyggjarar, og jobbar med sal av bustadtomter i dei nye bustadfelta.

Den siste tida har vi hatt eit særleg fokus på Vadheim, der vi har ni byggeklare tomter på nedre Hovland, og vi har opparbeida «Gamle skuleplassen» som eit tomtefelt med plass til to stk. Firemannsbustadar. P.t. har vi seld fire av ni på nedre Hovland, og vi har konkret interesse på to tomtar til.

Saken fortsetter under annonsen.
[annonse]
Vi har framleis ledige tomtar i Lavik, Ikjefjord, Kyrkjebø og på Søreide. Vi er også positiv til å delta aktivt på ei framtidig utviding av tomtefeltet «Fagernes» i Ortnevik.

Vi har nyleg kartlagt moglege utleigebustadar i kommunen, både i vår eiga, men også i privat regi i samband med busetnad av flyktningar frå Ukraina.

Petter Sortland, ordførar