Nytt treningsstudio


Det som tidligare var garasje, framstår no som eit stort, lyst og flott lokale med trimapparat, vekter og slynge. Laurdag var det klart for opning av Tove Vamråk og mannen hennar Arild sitt eige treningsstudio på Dale i Høyanger.

- Eg fann ikkje trenings-alternativ som passa for meg, difor valde vi å starte eige treningsstudio heime, fortel Tove Vamråk til Ytre Sogn.

Det som tidligare var garasje, framstår no som eit stort, lyst og flott lokale med trimapparat, vekter og slynge.

-Kvifor eige studio? - Grunna eiga helse er både mannen min og eg avhengig av regelmessig trening. Men det er ikkje alle treningsformer som passar, så det har vore ein del trening med apparat heime, i tillegg til at eg har nytta forskjellege treningstilbod som har vore i Høyanger tidligare. Dette er årsaka til at vi valde å starte eige treningsstudio heime, der både vi og andre kan trene. Eg vil vere til stades og eventuelt vise øvingar til dei som ønskjer hjelp til det, men det er lagt opp til at det meste av treninga vil vere sjølvtrening, seier Tove.

- Det heile starta eigentleg med ein spøk - kommentar frå ein ven, som meinte at garasjen vår kunne bli eit stort og fint treningsrom. Ein ide som først høyrdes heilt tullete ut, men etter å ha tenkt oss litt om fann vi ut at det faktisk var ein god ide, fortel ho smilande.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!