Ytring frå leiar i Kyrkjebø Ungdomslag Songkor, Sissel Tove Litzheim.

Nytt løft for det frivillige!


Vi er inne i tida då naturen fell til ro, medan skular og ulike aktivitetar vaknar til liv att. Med bakgrunn i at 2022 er utpeikt som Frivillighetens år, har det vore mange aktivitetar rundt om i dei ulike bygdelaga der frivillige lag og organisasjonar har fått vise seg fram og skine. Likevel er det eit lite faresignal om at mange slit med rekrutteringa. Det er først og fremst dei unge vaksne det er vanskeleg å få med i det frivillige lags- og kulturarbeidet.

Det er lett å forstå at ein travel arbeidsdag, born som skal hentast og bringast både hit og dit, krev mykje av unge foreldre. Likevel vil eg påstå at det å ha ein eigen hobby og eit sosialt engasjement utanom den travle kvardagen ofte gir meir energi enn det tek. Eg har sjølv vore der og kan gå god for utsegna.

Sjølvsagt er det ikkje likt for alle. Med all respekt for dei som kjenner at den travle kvardagen er nok, så trur eg at fleire vel å lande i den behagelege sofakroken i staden for å engasjere seg. Vi har mange flotte og aktive lag og organisasjonar, både innan idrett, kultur og samfunnsnytte. Det er ikkje så mykje arbeid når ein er mange nok, sjølv om nokon må ta hovudansvaret. Trivselen og samhaldet kan ikkje målast på noko barometer, men om så var ville det nok score høgt.

Vi er alle opptekne av at Høyanger kommune skal vere ein god plass å bu. No er det nye arbeidsplassar på gang og kva så? Får vi folk til å busetje seg her om det ikkje er noko tilbod ut over arbeid og daglegvarer? Ære vere dei som framleis held liv i dei tilboda som framleis er her. Vidare er det nokon som påstår at "utan pensjonistane stoppar samfunnet", og det gjeld også i stor grad for kommunen vår.

I helga viste Høyanger musklar i Melkesyrefestivalen. Stor applaus til arrangørane, artistane og publikum som synte engasjement og møtte opp i stort tal. Dette var eit godt bevis på at vi kan når vi vil i Høyanger.

Denne veka er det tilbake til normalen og då er det viktig å sette fokus på dei laga og organisasjonane vi har resten av året. At kulturskulen vil starte opp med kor, ser eg på som eit flott initiativ til å rekruttere fleire til ein makelaus fritidsaktivitet. Det å kunne samarbeide og ha god kommunikasjon mellom lag, organisasjonar og kommunen er og viktig.

Som leiar for Kyrkjebø Ungdomslag Songkor er eg, naturleg nok, oppteken av song og musikk. Koret vårt satsar stort denne hausten på to Lloyd Webber-konsertar i Høyanger Samfunnshus siste helga i oktober. Vi har fått med oss profesjonelt band, solistar og born som statistar og koristar. Her vert det eit breitt spekter av musikk frå Lloyd Webber sine musikalar. Her kan nemnast "Cats", "Jesus Christ Superstar", "Evita" og "The Phantom of the Opera".

Om du eller barnet ditt har lyst til å vere med, er det enno tid til å melde seg på. Med dette håpar eg at fleire vil melde seg til ein eller annan aktivitet, både for eigen del, men like mykje for Høyanger-samfunnet sin del.

Sissel Tove Litzheim
Leiar Kyrkjebø Ungdomslag Songkor