Nytt korprosjekt med Chris Medina

Skrevet av
27.09.2019 08:36 - OPPDATERT 27.09.2019 10:36

– Han var nøgd med det vi fekk til i Høyanger i fjor, og spurde om vi var interesserte i å gjere det igjen i år. Det sa vi ja til, seier Anita Nordheim.

I fjor enda dei nemleg opp med eit kor på nærmare 40 medlemmer, som opptredde med Chris Medina under julekonserten hans i Høyanger kyrkje i desember.

– Det var ei stor oppleving for alle som var med, både oppkøyringa fram til konserten og sjølve konserten. Det er jo ikkje så ofte ein får høve til å opptre i lag med ein verdskjend artist, seier Anita Nordheim, som er kommunalsjef for kultur og folkehelse i Høyanger, til Ytre Sogn.

Ope for alle

Ho fortel at det byrja med at dei søkte om å bli med på prosjektet Syngande kommune, der målet er å gjere songen til ein naturleg del av kvardagen i norske kommunar.

– Vi nådde ikkje opp, men bestemte oss likevel for å kome i gang med songaktivitet. Og det enda som kjend opp med Høyanger prosjektkor. Og no skal vi i gang igjen, og første øvinga er i samfunnshuset måndag, med eit repertoar som også inneheld nye songar, seier Nordheim og håpar på minst like stor oppslutnad i år som i fjor.

Koret er ope for alle, frå12 år og oppover, og det er ikkje krav om erfaring.

– Det er jo det vi skal bruke øvingane til - å synge og få til noko i lag, seier ho.

Blir to kor

Lenge var Høyang Vocalis einaste koret i tettstaden, men det har no lege nede ei stund.

– Difor er eg også glad for at samstundes med at vi kjem i gang att med prosjektkoret, vil Høyanger kulturskule starte opp med ungdomskor. Det betyr at vi vil ha to kortilbod framover, seier ho.

[annonse]
Prosjektkoret vil ha øving måndager og ungdomskoret tysdagar,

- Ungdomskoret er frå 7.klasse på ungdomsskulen til 3. klasse på vidaregåande skule. Det betyr at den aldersgruppa kan vere med i begge kora, seier ho.

Prosjektkoret blir avslutta med julekonserten, som er den 11.desember. Ungdomskoret blir derimot eit varig tilbod, i regi av kulturskulen.