Kommuneoverlege Kristine Brix Longfellow seier ho reknar med det kjem til å komme mange fleire registrerte smitta framover.

Nye 32 registrerte smitta i Høyanger i helga: –⁠ Like mange på ei veke som på to år

Kommuneoverlege Kristine Brix Longfellow seier dei har fått inn 30 nye sjølvregistrerte positive testar.


I tillegg er det to positive PCR-prøvar. Med det er smittetala sidan 28. februar no oppe i 62, men kommuneoverlegen trur det er mykje mørketal.

– Eg veit at det er fleire smitta som ikkje har registrert seg, så eg trur mørketala er høge. Og eg trur og det kjem endå meir dei neste dagane, seier ho til Ytre Sogn.

I alt er det 59 sjølvregistrerte sidan dei etablerte systemet den 28. januar.

– Det er same tal på ei veke som vi har hatt dei to føregåande åra, seier Longfellow.

Kommuneoverlegen seier seg einig i at det har vore to gode år, men at det også måtte komme hit til kommunen tilslutt.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.