Ny, spennande jobb lokka Bettina (29) til Hyllestad



-I ei lita bedrift som denne får du meir ansvar enn du ville fått i tilsvarande i byen, seier Bettina Wickman Kvamme til Ytre Sogn.

- Det gjer igjen at læringskurva er brattare. Men karrieremessig tenkjer eg at det berre er positivt, legg 29-åringen frå Bergen til.



Vi sit i møterommet i 2. etasje i Leirvik Senter, der Akvahub og fleire andre bedrifter held til. Sidan i fjor vinter har dette vore arbeidsplassen hennar. Først som prosjektkoordinator og no som prosjektleiar for nye, berekraftige næringar innan havbruk, blant anna taredyrking.



- Akkurat no jobbar eg med eit prosjekt som heiter Seaweed Pilot, som er eit nordiskatlantisk samarbeid, leia av Akvahub. Vi har med oss partnarar frå både Norge, Island, Grønland og Skotland, og set ut testanlegg på forskjellige lokalitetar. Målet er å ende opp med ei oppstartspakke som nye taredyrkarar kan bruke, som går på alt frå design på anlegg, til protokollar for drift, fortel ho entusiastisk.



Jobbar til begge

Og nettopp moglegheiten for spennande og aktuelle jobbar var det som fekk ho og sambuer Odd Helge Hatlem (31) til å flytte til Hyllestad, med sonen Jonathan (2).



- Vi føler oss heldige som begge fekk utfordrande jobbar på same vesle plassen. Det er ikkje gitt, seier ho.



Han fekk nemleg jobb som prosjektleiar i BKK.



- No har han faktisk kontor rett nedi gangen her, seier ho og smiler. 


Akvahub har sitt utspring i omstillingsarbeidet i Hyllestad kommune for nokre år sidan.

Medføre tilflytting

- Kan vi bidra med nye kompetansearbeidsplassar i Hyllestad, er ikkje noko betre enn det. Særleg når det også medfører tilflytting, seier dagleg leiar Asbjørn Dyrkorn Løland i Akvahub til Ytre Sogn.



Han kom sjølv tilbake til Hyllestad i 2018 for å leie bedrifta som har utspring i omstillingsarbeidet i kommunen for nokre år sidan, der ein blant anna såg på moglegheitene for å skape nye arbeidsplassar innanfor havbruksnæringa.

Les meir i neste Ytre Sogn!