Ny nestleiar i Norsk kulturforum

Skrevet av
19.06.2019 12:46 - OPPDATERT 19.06.2019 14:46

Anita Nordheim frå Høyanger kommune vart på landsmøtet i Norsk kulturforum (NOKU) i Bodø nyleg valt til ny nestleiar i den landsdekkande nettverksorganisasjonen for den lokale kultursektoren.

– Først og fremst er det ei stor ære å bli vald som nestleiar i organisasjonen, og eg gler meg til å ta fatt på arbeidet som ventar. Eg var styremedlem i Norsk kulturforum (NOKU) i førre periode, og var blant anna med på å lage strategiplanen. Det får eg jo no høve til å vere med og følgje opp, seier Anita Nordheim til Ytre Sogn.

Til dagleg er ho kommunalsjef for kultur og folkehelse i Høyanger kommune, har ein master i pedagogikk og vidareutdanning i organisasjon og leiling, filosofi og estetisk studium. På fritida er ho musikar; ho syng, spelar saksofon, dirigerer og skriv låtar.

Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!