Nokre av dei tilsette ved ambulamsestasjonen på Leira i Høyanger. F.v.: Alise Aase Totland, Jan Erik Fossen, Ruth Lilly Haukeland og Tor Aleksander Dale. Bak: områdeleiar Kjartan Heggø.
Koronapandemien

Ny jobb­kvardag for dei ambulanse­tilsette

For snart eit år sidan slo koronapandemien ned, noko som førte til ein annleis og meir krevjande jobbkvardag for mange. Blant andre ambulansetilsette.


Dei er blant dei som under koronapandemien har ein utsett jobb, sidan dei som oftast pasientane først, og transporterer dei vidare til sjukehus, Det har ført til ein annleis kvardag som også dei tilsette ved ambulansestasjonen på Leira i Høyanger, som tel 11,25 årsverk, har fått erfaring med. 

-Korleis har det vore å jobbe i denne situasjonen?
-Det har vore veldig krevjande, men eg vil rose ambulansetenesta som var raskt ute med gode retningslinjer. Eg tykkjer vi har takla det bra, men det krev mykje meir av oss, ikkje minst når det gjelder tidsbruken på oppdrag, som ikkje berre vert brukt på pasienten, men også på  av– og påkledning, vasking av bil, utstyr og liknande. Det siste er ein del av jobben vår også til vanleg, men som no må gjerast på ein heilt annan måte. Tidlegare vaska vi utstyret som vart brukt, medan vi no må vaske alt, om vi så  kun har brukt blodtrykksmålaren, seier Tor Aleksander Dale. 

Meir tid
Han fortel at om det er pasientar som har påvist - eller er mistenkt smitta av - covid-19 må dei på med fullt smittevernutstyr, som munnbind, smittefrakk, hanskar og briller. 

- Det er utfordrande å jobbe med utstyret på, til dømes under ein hjartestans. Men det gjeld også tida det tek å få det på seg, ikkje minst når det er akutt oppdrag og ein ikkje kan starte innsats før alt er på plass. I tillegg til vanleg munnbind har vi også M3-masker som vi brukar ved luftvegshandtering eller bekrefta smitte. Det er fordi vi jobbar så tett på pasientane og ikkje klarer å oppretthalde ein meter-regelen heile tida at vi må bruke dette utstyret. Det er ei kriterieliste som ligg til grunn, og så blir dette revurdert med lege før avgjerda blir teken om det er snakk om smitte eller ikkje, fortel Dale.

Stort fokus 
Dei, som mange andre, kjenner også på tankane rundt dette med smitte.

-Men vi har så stort fokus på smittevern på jobb, så der er eg ikkje redd for å bli smitta. Eg er meir redd for smitte når eg går på butikken, der ikkje alle er like flinke til å halde ein meter-regelen. Det å køyre ein pasient med stadfesta smitte er ikkje oppdraget eg er mest redd for, men heller turen der ein går inn til pasienten utan smittevernutstyr fordi meldingane vi har fått inn ikkje tilseier smitte. At det  i ettertid då skulle vise seg at pasienten likevel har viruset, det er ein situasjon eg redd for, seier Jan Erik Fossen.

Alise Aase Totland frå Haugesund, som er vikar, tykkjer også det har vore spesielt å jobbe der under pandemien.

-Eg jobbar på ulike stasjonar, men rutinane er like over alt, noko som gjer det enkelt å forhalde seg til det, seier ho.

Ikkje over
Ifølgje områdeleiar Kjartan Heggø har ambulansetenesta i Høyanger kommune fått 40 vaksinar.

-Dei er fordelt ut på stasjonane, og vi gjekk i gong med vaksineringa i veke to. Når vi får fleire er usikkert. I utgangspunktet så vil det vere ein litt større tryggleik med vaksinering, seier han og tykkjer elles det er viktig å nemne ar dersom ein får smittetilfelle i Høyanger, må ein ikkje kome med peikefingeren. 

- Det er nok belastning for den som er ramma. Mest sannsynleg har det skjedd ved eit uhell, og det kan skje oss alle, seier han.

Samtidig minner han og dei andre tilsette ved ambulansestasjonen i Høyanger at sjølv om vaksinen er komen, så er ikkje pandemien over.

- Vi må ikkje senke garden, men halde fram med gode smittevern-tiltak. 

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.