NVE med flaum- og skredvarsel

Det er venta store mengder regn dei neste dagane, opptil 200 millimeter utsette stadar onsdag og torsdag. I går sende NVE ut både flaum-, skred- og nedbørsvarsel i tidligare Sogn og Fjordane.


Nivået er sett til oransje både for flaum, skred og nedbør i Sogn og Fjordane.

Frå onsdag ettermiddag til torsdag kveld er det venta 80-120 millimeter regn i løpet av eit døgn, og utsette plassar heilt opp i 200 millimeter. Saman med aukande temperaturar og snøsmelting, fører det til fare for både overvatn i tettbygde område, og at bekke- og elveløp går over breiddene. I tillegg vil det gi vanskelege køyreforhold mange stadar, med mykje vatn i vegbana med fare for vatnplaning.

Det er og venta skredhendelsar, noko NVE seier kan få store konsekvensar. Flaumskred har ei lang rekkevidde og kan gå ned i dalbotnen sjølv om dei er utløyst i høgt terreng.

Råda frå varsom.no, som er ei teneste levert i samarbeid med Statens Vegvesen og Meteorologisk Institutt, er å halde seg oppdatert på utviklinga av situasjonen, og å halde seg unna bratte skråningar, samt bekkar og elvelaup med stor vatnføring.

NVE varslar og flaumfare, og ventar auka vatnføring i bekkar og mindre elver, med lokale oversvømmingar.

Statsforvaltaren har og sendt ut melding til kommunane om å ta kontakt med lokalt politi for å gjere ei felles risikovurdering.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.