Sigurd Olai (5) framfor den 3,48 meter høge solsikken. Sjølv er han 1,23 meter.

Nokon høgare?

Skrevet av May Britt Eide
14.09.2021 19:42 - OPPDATERT 16.09.2021 08:32

3,48 meter måler solsikka bak Sigurd Olai (5). Finst det nokon høgare?

– Og 13 cm i diameter på det tjukkaste. Så den er solid også, seier Siv Anne Haaheim og ler.

Solsikka er å finne i hagen deira, på Austreim. 

– Den kjem frå ein frøpose eg hadde liggjande etter i fjor. Då hadde eg nokre av dei i potter, men dei vart ikkje høgare enn 30-40 cm. Så i år fann eg at eg skulle prøve med resten av frøene ute, i friland, i staden, seier ho.

Og det lykkast ho med - til gagns.

– Ja, den har greidd seg bra, seier ho og ler igjen.

Mykje fukt
– Korleis ha de fått den så høg?
– Eg trur det blant anna har med jordsmonnet å gjere, seier ho og fortel at den er planta i såkalla bokashi, det vil seie matavfall som er fermentert til næringsrik kompostjord.

Det lagar ho på førehand, i pallekarmar.

– Og så er det mykje fukt i bakken her, som gjer at vi må drenere innimellom. Men det sikrar den også jamn tilgang på vatn. Det ser vi også igjen på frukt og anna vi har i hagen. Dei vekst godt, dei og, seier ho.

I tillegg har den fått rikeleg med sol og varme etter at den vart planta ut i slutten av juni.

[annonse]
Viser fram
Stellet tek både ho og ungane seg av.

– Dei tykkjer at det er veldig spennande å følgje med på, og viser den stolt fram til venene sine når dei er på besøk. Og dei let seg imponere, dei også. Ingen av oss hadde jo venta at den kom til å bli så høg, seier Haaheim.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.