Ope brev til politikarar som vil på Stortinget

No vil vi høyre kva de eigentleg meiner!


I valkampen seier de politikarar at de vil lytte til folket.  Å lytte til folket har for nokre politikarar blitt ein frase for å sleppe å svare på spørsmål som er for vanskelege.  

Svara på spørsmåla våre skulle de ha kome når de, saman med andre i partiet dykkar, utarbeidde valprogram og brosjyrar.  Det ville ha vist i kor stor grad de vil vere representantar/folkevalde for dei som stemmer på dykk, eller om de heller vil satse på ein karriere i Oslo.  Vi må derfor minne om at det er veljarane som gir dykk jobben som stortingsrepresentant.

Dersom de skulle ha lytta, måtte de har kome tidlegare og før partiprogramma blei vedtatt.  Det er også for seint å seie at ein ikkje er heilt einig i programmet når det gjeld vindindustri.  De har stilt dykk bak programmet når de takka ja til listeplass.

Vi har lagt merke til at fleire av dykk svarar forskjellig alt etter kva forum og plass de er på.  Ingen av dykk ville ha vindkraft på møta våre i Stordalen eller på Viksdalen.  Men kva de eigentleg meiner om vindkraft, er vanskeleg å få tak i.

Det er for seint å lytte. Begynn derfor med å svare på spørsmåla våre. Vi ser fram til svar i det offentlege rom.

1) Er du som politikar i ditt parti einig med partiprogrammet sine formuleringar om vindkraft i fjella/på land?

2) Er du einig i at det ikkje skal byggjast vindturbinar i fjellheimen/på land ?

3) Viss svaret er ja på spørsmål 2, vil du stemme mot ditt parti sitt eventuelle positive standpunkt  i vindkraftsaka?

4) Korleis vil du jobbe på Stortinget og i partiet ditt mot vindkraftindustri i fjella våre?


5) Korleis vil du jobbe saman med oss som aksjonsgrupper mot vindkraft?


6) Kva vil du stemme viss det blir fremja statleg plan om bygging av vindkraftanlegg som strir mot kommunar sin arealplan eller negative vedtak i kommunestyre? 

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.