– Det er viktig å tenkje igjennom både rutevalet ein tek, utstyret ein har med og - ikkje minst - kva ein skal gjere om uhellet er ute., seier Dan Longfellow (biletet). Torsdag kveld held han informasjonsmøte om dette på Høyanger vidaregåande skule.

Dan vil lære ungdom om sikkerheit på toppturar

Skrevet av May Britt Eide
17.02.2021 12:45 - OPPDATERT 18.02.2021 20:10

Stadig fleire ungdomar går på toppturar, men veit gjerne lite om korleis dei sikrar seg mot farane det kan medføre. Det vil Dan Longfellow gjere noko med.

No vil han halde informasjonsmøte om dette. Det skjer i auditoriet på Høyanger vidaregåande skule torsdag kveld. 

Tenkjer lite over
– Dette er noko eg har tenkt lenge på å gjere. Eg ferdast mykje i fjella i Høyanger sjølv, og registrerer at stadig fleire ungdommar skaffar seg randoneeski for å gå på toppturar. Men det er også fleire som vel å gå utanom preparerte løyper, og gjerne ikkje tenkjer over farane det medfører, seier Dan Longfellow og peikar på at det er nemleg ikkje utan risiko. 

Det kan til dømes utløyse skred.

–  Det handler om trygg ferdsel i ulikt terreng. Difor er det viktig å tenkje igjennom både rutevalet ein tek, utstyret ein har med og - ikkje minst - kva ein skal gjere om uhellet er ute. Dette er ikkje alle som tenkjer like mykje over, seier han og minner om ar no står også vinterferien for dør, og mange set kursen til fjells.  

– Difor ønska eg å ha dette kurset no, rett før, slik at folk kan lære seg i alle fall det mest grunnleggjande om farane knytt til toppturar, seier han om møtet, som blir ein kombinasjon av diskusjon og opplæring. 

– Eg er sjølv glad i å stå på ski sjølv, og har som sagt ferdast mykje i fjella her. Difor har eg også ein del erfaring på området, seier Longfellow, som også har vore med i dugnadsgjengen på Siplo i fleire år. 

Kan låne utstyr
– Elles høver det også godt at BUA Høyanger, utstyrtsentralen til Høyanger kommune, no opnar. Dei har jo ein del utstyr som kjem godt med på toppturar, som skredsøkjar, søkestang og spade, seier Longfellow om det han meiner er eit kanonbra tilbod, ved at folk kan låne seg ulikt sports- og friluftsliv, og det heilt gratis.  

– Det viser at kommunen er oppteken av at folk er i aktivitet, ikkje minst ungdom, seier han. 

Om informasjonsmøtet seier han at det er ope for alle, men at hovedmålgruppa er ungdom mellom 13 og 19 år.

– På grunn av koronasituasjonen er det avgrensa kor mange som kan dere med. Vi har difor sett ei øvre grense på 28 personar, og då blir dei mellom 13 og 18 år prioriterte, seier han og fortel om 10 påmeldte allereie.

Han ser også føre seg møte med andre tema framover,  om til dømes skismøring. 

– Om vi får det til hadde det også vore kjekt med ei praktisk øving oppå fjellet når det gjeld dette med skred. Men det må i så fall bli innan påskeferien, seier Longfellow. 

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.