No vert brannmannskap på sørsida akutthjelparar

-Vi ønskjer å auke førstehjelpskompetansen og gjere brannmannskapa våre meir trygge i ein akutt situasjon, seier stasjonsleiar i Bjordal, Preben Birkeland Søreide, til Ytre Sogn.

I akutte situasjonar kan det nemleg stå om minuttar, og sjansane for at pasienten greier seg aukar om hjelp blir gitt fram til helseressursar som ambulansebil eller -helikopter er på plass.



-Vi bur i grisgrendt strok der nærmaste bil i Lavik brukar om lag ein time og tjue minutt til Ortnevik. Så det tek tid før vi får hjelp og det er ikkje alltid helikopter kan flyge, eller det kan dere ute på anna oppdrag. Då er det viktig at vi kan rykke ut når det står om minuttar, til dømes ved ein hjartestans, og då kan bidra til at liv blir berga.



Det seier stasjonsleiar i Bjordal Preben Birkeland Søreide om kurset, som er i regi av Stiftinga Norsk Luftambulanse, og som vart halde på skulen i bygda denne veka.



Ein av kursdeltakarane var Kjetil Kalstad som for kort tid sidan valde å bli med i brannmannskapet i Bjordal.



-Det er viktig å ha eit lokalt mannskap i bygda. Så det å få vere med på eit kurs som dette er både nyttig og lærerikt. Vi får lære meir om førstehjelp, samstundes med at vi får litt oppfrisking på det vi kan, seier han.

I regi av Stiftinga Norsk luftambulanse vart brannmannskap på sørsida utdanna til bli akutthjelpara. Her er første pulje saman med (f.v.) stasjonsleiar Preben Birkeland Søreide og instruktørane Hans Ole Hjelle og Bodil Reime Sørlie.



Les meir i neste Ytre Sogn!