Her er vegstrekninga det skal jobbast på. (Foto: Statens vegvesen)

No startar dei arbeidet på Bondeviki - Fardal

Neste veke startar anleggsarbeidet på rv 13 Bondeviki - Fardal, mellom Sogndal og Leikanger.


Statens vegvesen signerte kontrakt med entreprenør Fosse Maskin og Transport 27. august. Firmaet frå Vik i Sogn vann kontrakten med eit tilbod på dryge 60 millionar pluss moms.

Best mogleg flyt
– Vi ser fram til å kome i gang med jobben, seier byggeleiar Kristian Slinde i Statens vegvesen.

– Vi vil, saman med entreprenøren, gjere vårt beste for at trafikkflyten skal fungere på ein god måte. Det er eit smalt og langt anleggsområde, og reisande må pårekne venting og omlegging av køyremønster.

Heile strekninga
Ein lyt vente arbeid over heile strekninga i tida framover.

I første omgang vert det fjerna skog og rydda vegetasjon, før vidare bore- og sprengingsarbeid startar.

Prosjektet strekk seg over 1,6 kilometer frå vestsida av Stedjebergtunnelen, og vegen skal vere ferdig i desember neste år.

Vegstrekningat vert i snitt trafikkert av 2737 køyretøy per døgn. Ni prosent, eller om lag 270, av desse er lange køyretøy.

I kontrakten er det også ein opsjon på ytterlegare 500 meter veg ved den vestlege delen av strekninga. Viss opsjonen blir løyst ut, er frist for ferdigstilling sett til juni 2023.

Siste informasjon
– Det vil bli stopp for trafikantane i inntil 15 minutt, men vi held ope dei mest trafikkerte tidspunkta på morgon og ettermiddag.

Sjå på trafikkmeldingane til Statens vegvesen på www.175.no for siste informasjon.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.