I morgon kveld går Bente-Annita Lavik Coskun og Søstrene Lavik «live» på nett, med motevising frå butikken.

No kan du vere med på motevising i eiga stove

Søstrene Lavik finn stadig nye måtar å nå ut til kundar på.


No går dei «live», med motevising på nett.  Det skjer i morgon tysdag, på facebook-sida til butikken. 

- Det er jo ikkje hjelp i å sitje med henda i fanget, og vente på at det heile skal gå over, seier dagleg leiar Bente-Annita Lavik Coskun, med henvising til koronapandemien.

Meir heime
Sidan den inntraff i mars i fjor har butikken, som held til på Lavik Torg, måtte finne nye måtar å nå kundar på. 

- Etter nedstenginga i mars i fjor har folk halde seg meir heime enn før, og slik er det framleis. Samstundes har gjennomgangstrafikken på E39 like nedanfor enno ikkje teke seg opp att for fullt. Begge deler merkar vi i butikken, og det ser diverre ikkje til at vi kjem tilbake til normalen med det første. Så for at drifta skal gå rundt, har vi vore nøydde til å gjere noko, seier ho til Ytre Sogn.

Det har vore alt ifrå å køyre ut forundringsposar til kundar, til å setje opp pop up-butikkar i nærområdet.

Tenkje nytt
- Vi må stadig tenkje nytt. Tidlegare har vi også hatt kundekveldar, som både handler om å ha det sosialt i lag og å vise dei siste klesmotane for damer til butikken. Dei har vi hatt to gonger i året,  vår og haust, og dei har vore mykje etterspurt. Ja, vi har hatt ventelister på å få vere med på kundekveldane, der vi har hatt opptil 50 plassar. Men vi hadde ikkje lyst til å ha dei no, under pandemien, seier Lavik  Coskun og peikar på at mange framleis kvir seg for å gå ut, ikkje minst når fleire er samla.

- Vi tenkte difor «kvar treff vi folk no?». Jo, heime i stovene deira. Og «korleis kan vi nå dei?». På sosiale media. Då fann vi ut at vi skulle prøve med «live»-sending, med innleigd videoutstyr, der vi viser vårmoten som no har kome til butikken, seier Lavik Coskun og fortel at ho har sett butikkar andre stader i landet som har gjort noko av det same.

Køyre varer
Sendinga vil truleg vare mellom 30 og 60 minutt.

- I tillegg til modellar som viser fram klesplagga, kjem vi også til å fortelje litt om dei enkelte. På den måten får dei som  følgjer sendinga vår får vite det dei treng før dei eventuelt bestiller, noko dei kan gjere i nettbutikken vår, seier ho.

Dei som bur i nærområdet kan få plagga dei bestiller køyrt heim til seg.

- Har de planar om å gjere dette fleire gonger?

- No får vi først sjå korleis det går denne gongen, og responsen vi får då. Men eg vil ikkje utelukke at vi gjer det igjen, nei. Då kan det til dømes vere at vi fokuserer på gåve og interiør, som vi også fører i butikken, seier ho.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.