No har Linn og Joakim starta Høyanger Rør


- Vi trur det er slik også Torbjørn hadde ønska det. At vi held fram, seier Linn Fjæren Lund (32) til Ytre Sogn.

Saman med kollega Joakim Måren (23) har ho no bestemt seg for å halde fram med røyrleggjarbedrift i Høyanger. Ting har vore litt usikre etter at sjefen deira i Høyanger Rørleggerforretning AS, Torbjørn Gjertsen (41), døydde i ei tragisk båtulykke i Gulen tidlegare i haust. Men no har dei altså bestemt seg.

Hadde ønska

- Det er noko heilt anna å ha si eige bedrifta, enn berre å vere tilsett i den. Samtidig hadde vi ingen garanti for at vi fekk behalde arbeidsplassane i Høyanger. Difor bestemde vi oss for løysinga som no er valt - å opprette eit nytt selskap, Høyanger Rør AS. Vi trur at dette er noko Torbjørn også hadde ønska - at vi held fram, seier Linn Fjæren Lund til Ytre Sogn.



- Det har også familien hans gitt uttrykk for at dei håpar vi gjer, legg ho til.



Ho og Måren eig 50 prosent kvar i det nye selskapet. Ho er dagleg leiar, medan han er fagansvarleg. I tillegg har dei med seg Waldemar Wareki som «altmoglegmann». Til liks med dei to andre, jobba også han i den førre bedrifta.



Mykje spørsmål

Ho fortel at dei i haust har fått mykje spørsmål frå kundar, leverandørar og samarbeidspartnarar om kva dei tenkjer videre.



- Dei ville gjerne ha oss med, og har vore viktige støttespelarar for oss, seier Fjæren Lund og nemner i tillegg god rettleiing frå Byggopp (Opplæringskontoret for bygg- og anleggsteknikk, red.mrk), ved Håkon Svoen.



Og per no har dei godt med arbeid, fortel ho til Ytre Sogn.



- Det er eit bra teikn, og vi håpar at det fortset slik! Vi har jo ingen garanti for at kundane som nytta Høyanger Rørleggerforretning vil bruke oss, men vi håpar at dei vil støtte oss.

Les meir i neste Ytre Sogn!