No er «Mare» klar for kinovising


– I og med at mesteparten av filmen er spelt inn i Høyanger kommune er det naturleg å ha den første offisielle visinga på kino der. Så det håpar vi å få til, seier regissør René Bjerregaard om den no premiereklare «Mare».

Skrekkfilmen vart nemleg spelt inn i Vadheim, i eit gamalt huset som slektningar av han eig der.

I «Mare» møter vi unge Liam, som blir sendt ut på landet - til den vesle bygda Vadheim - for å sleppe mareritta som øydelegg nattesøvnen hans. Men jo meir tid han tilbringer i huset til bestemor si, jo verre blir han. Etter kvart byrjar han å slite med å skilje verkelegheita frå dei mørke draumane. Det blir ikkje noko betre når han finn dagboka til mor si, som døydde i huset....

– Filmen var heilt ferdig sist veke, og då hadde vi lukka visning for spesielt inviterte i den største kinosalen på Magnus Barfot, som Bergen Kino eig og driv, seier René Bjerregaard til Ytre Sogn.

Han fortel om gode tilbakemeldingar på det som er første spelefilmen for kino som han og produksjonsselskapet Broadstone AS - som han eig og driv saman med Tor Kjetil Leknes frå Askvoll - har laga.

No blir det jobba med første offisielle kinovisinga av «Mare», og den håpar han å få til i Høyanger i løpet av våren. – Vi vil i alle fall ta kontakt med Høyanger kommune og kulturetaten deira, og høyre kvar som er mogleg å få til. Det er jo ein naturleg stad å ha den, sidan det var det mesteparten av filmen vart spelt inn i Vadheim, seier han.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn

Regissør René Bjerregaard (t.h.) saman med ein av hovudrolleinnehavarane i «Mare», Grethe Mikaelsen, på den lukka visinga som nyleg var på kinosenteret Magnus Barfot i Bergen.