No er Høyanger kommune friskmeldt


Dei kornasmitta i kommunen er no ute av isolasjon, og smittevernlege i Høyanger, Kristine Brix Longfellow kan stadfeste at kommunen er friskmeldt frå i dag av.

– Det er ein stor lettelse etter nokon heftige dagar. Det er ingen nye positive testar og det er stille og roleg her, seier Longfellow og kan puste letta ut.

Avisolering

Ho seier at det er ingen grunn til bekymring no.

– Men ein må framleis vere forsiktig og tenkje smittevern. Folk i kommunen er veldig flinke, så det må dei halde fram med, legg ho til.

For oppheving av isolasjon etter positiv test, må det ha gått 10 dagar frå symptomdebut.

– Det er ikkje grunn til å teste seg att etter 10-dagars isolasjon, seier Longfellow og legg til at dersom ein er i isolasjon må ein vere feberfri i minst 24 timar før den kan opphevast.

– Det er ikkje uvanleg å ha det vi kallar for rest-symptom. Då kan ein for eksempel vere slapp i fleire veker etterpå. Men ein kan ikkje smitte andre om eit ber på rest-symptom, seier ho.

God strategi

Longfellow fortel at strategien som kommunen brukar under utbrot er velfungerande.

– Vi brukar TISK-strategien - testing, isolering, smittesporing og karantene - og det fungerer utruleg bra. Dersom vi får fleire utbrot i kommunen, så kjem vi til å nytte same strategi, seier ho.

TISK-strategien er Norges og kommunane sin hovedstrategi for å avgrense spreiing av korona.

Booking på nettet

Longfellow fortel elles at det snart blir opna opp for elektronisk booking av koronatest.

– Systemet er truleg oppe og går i løpet av veka, seier ho.

Hensikten er at det skal bli enklare å bestille test.

– Folk slepp å ringe inn til legekontoret om morgonen, seier Longfellow.

Sunnfjord kommune har hatt denne ordninga ei stund no.

– Vi bestille dette for lenge sidan. Slik er det når mange vil ha det same produktet, seier Longfellow.