I halvanna veke har det pågått arbeid på ferjekaien i Ortnevik. (Foto: Silje Knutssøn)

No er ferjekaien i Ortnevik opna igjen

Ny ferjelem på plass på kaien i Ortnevik, og den er no opna for biltrafikk igjen.


Kaien har vore stengd i samband med utskifting av gamal ferjelem sidan 25. mai, og tilrådd omkøyring for dei som måtte krysse  Sognefjorden med bil var over ferjesambandet Oppedal-Lavik på E39.
.
– Dei vart ferdige med arbeidet litt før oppsett skjema, og i 14-tida i går kom det melding om at kaien igjen kunne opnast for biltrafikk, seier Rolf Nordeide, byggjeleiar for kaivedlikehald i Vestland fylkeskommune, til Ytre Sogn.

Fram til då hadde ferja berre vore nytta til passasjertransport til og frå Ortnevik, etter vanlege ruter.

– Så no har Ortnevik fått ein ny, betre ferjelem, seier Nordeide.

Etter planen skulle kaien opnast igjen i dag, fredag 4.juni.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.