No er alle leilegheitene i Storgata 33 selde


– Eg kunne seld i alle fall eit par leilegheiter til, hadde det vore fleire, seier byggmeister Ove Dyrdal til Ytre Sogn.

I februar gjekk siste av dei i alt seks leilegheitene i bygget han kjøpte i Storgata 33 i Høyanger tilbake i 2018, gjennom selskapet med same namn, som han har saman med bergensaren Eivind Simonsen. Like etterpå var dei i gang med å renovere heile bygget, og det tok ikkje lang tid før dei første leilegheitene var selde.

– For mindre enn eit år sidan kunne dei overleverast dei nye eigarane. Dei to første leilegheitene stod ferdige i april i fjor, og dei to neste i mai og juni. Og det er gjerne slik at når ein ser at dei første har flytta in, så kjem det gjerne fleire interessentar til. Det tok i alle fall ikkje lang tid før også dei to siste leilegheitene var selde, og no er også dei ferdige, seier Ove Dyrdal, som også driv OD Bygg.

Han meiner at dei kunne seld eit par leilegheiter til, om det hadde vore fleire.

– I alle fall av dei største i øvste etasje, som går over to plan - og som til og med har litt fjordutsikt. Der hadde vi eit par interessentar til, seier han.

Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!