No blir det gratis å ta ferja Lavik-Oppedal 


Skrevet av
15.03.2020 15:54 - OPPDATERT 15.03.2020 17:54

Lavik-Oppedal på E39 er blant ferjestrekningane som no blir gratis.


Statens vegvesen har nemleg bestemt at det ikkje skal gjennomførast manuell billettering på riksvegferjene fram til søndag 22. mars

- Dette gjer vi for å hindre smitte mellom trafikant og billettør. På den måten unngår vi å utsetje mannskapet som har ei samfunnskritisk rolle, seier avdelingsdirektør Edvard T. Sandvik, som leiar ferjekontoret i Statens vegvesen, i ei pressemelding.



Det gjeld altså riksvegferjene frå søndag 15.mars og førebels ei veke framover, til og med søndag 22. mars.

Sambanda det gjeld er:



* Rv. 19 Horten–Moss (betjenes av Bastø Fosen)

* E39 Arsvågen–Mortavika (Fjord1)

* Rv. 13 Hjelmeland–Nesvik–Ombo (Norled)

* E39 Halhjem–Sandvikvåg (Torghatten Nord)
* Rv. 5 Mannheller–Fodnes (Norled)

* Rv. 13 Hella–Vangsnes–Dragsvik (Norled)

* E39 Lavik–Oppedal (Norled)
* E39 Lote–Anda (Fjord1)

* Rv. 651 Volda–Folkestad (Norled)

* E39 Solevåg–Festøy (Norled)

* E39 Molde–Vestnes (Fjord1)

* E39 Halsa–Kanestraum (Fjord1)

* Rv. 827 Drag–Kjøpsvik (Torghatten Nord)

* E6 Bognes–Skarberget (Torghatten Nord)

* Rv. 80 Bodø–Værøy–Røst–Moskenes (Torghatten Nord)

* Rv. 85 Bognes–Lødingen (Torghatten Nord)

Der billettering kan gjennomførast utan kontakt mellom billettør og trafikant vil denne bli oppretthalden. Det betyr at på dei sambanda som har innført AutoPASS-billettering, vil denne bli gjennomført som vanleg.

Det blir no arbeidd med å finne moglegheiter for å gjennomføre billettering etter søndag 22. mars.