Ingunn Kandal, leiar i Raudt Sogn og Fjordane.
Ytringar:

Nei til utvinning av digital valuta i Noreg


Regjeringa sitt ekspertutval for prosessindustri har varsla at den kraftkrevjande industrien vil stå i fare viss det blir kraftunderskot framover mot 2050. Denne industrien er ein berebjelke i mange lokalsamfunn i Sogn og Fjordane. Å sikre nok kraft til industrien, må derfor vere ei særs viktig oppgåve for politikarar på Vestlandet. 

Raudt vil åtvare mot ein kortsiktig politikk som å etablere anlegg for utvinning av digital valuta i Noreg. Datamining krev enormt med kraft og skaper svært få arbeidsplassar.

Det har blitt hevda at ein av dei store digitale valutaene, brukar meir energi enn t.d. Danmark. Noreg skal ikkje vere med på å sløse energi på digitale valutaer. Dette er noko som verda ikkje har bruk for, og Raudt vil derfor jobbe for eit nasjonalt forbod mot utvinning av digital valuta i Noreg.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.