Nedgang i arbeidsløysa i ytre Sogn


Med 134 færre heilt ledige enn i juni fjor har Sogn og Fjordane ei betre utvikling på arbeidsmarknaden enn på landsnivå. Både Høyanger, Balestrand, Solund og Hyllestad har nedgang.

– Mykje av nedgangen i arbeidsløysa skuldast at vi har fleire i tiltak enn på same tid i fjor og at det er færre permitterte, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes.

– Det overordna biletet er likevel at det går svært bra for næringslivet i fylket. Det ser vi mellom anna på at dei fleste næringar har ein reduksjon i arbeidsløysa. Det er særleg positivt at utviklinga innan viktige næringar som industri og bygg og anlegg er god, seier Thorsnes.

I juni var det 910 personar i Sogn og Fjordane heilt utan arbeid. Dette er 134 færre enn i same månad i fjor. Med 1,6 prosent av arbeidsstyrken heilt utan arbeid, har vi lågast arbeidsløyse i landet.

På landsnivå har arbeidsløysa auka med 3655 personar (5 prosent) frå juni i fjor. Det er no 80 965 heilt ledige, tilsvarande 2,9 prosent av arbeidsstyrken. Vestlandsfylka, med unnatak av Sogn og Fjordane, og Agder-fylka står for det meste av auken.

Låg arbeidsløyse

14 kommunar i Sogn og Fjordane har reduksjon i arbeidsløysa i juni. Størst reduksjon har Vågsøy med 32 færre ledige enn på same tid i fjor og Stryn med 30 færre ledige. Åtte kommunar har ei arbeidsløyse på under éin prosent. Hornindal og Solund har lågast arbeidsløyse. Den høgaste arbeidsløysa finn vi i kystkommunane Selje (3,6 prosent) og Flora (3,2 prosent).
Størst nedgang i arbeidsløysa er det innan industri og kontorarbeid, som har høvesvis 23 og 21 færre ledige enn i juni i fjor. Ingen næringar har ein auke på meir enn seks personar.

Talet på ledige i Gulen er 14 (1,1 prosent), i Solund 3 (0,7 prosent), i Hyllestad 15 (2,1 prosent), i Høyanger 43 (2,1 prosent) og i Balestrand 5 (0,7 prosent).

Positivt for ungdom

Alle aldersgrupper har reduksjon i arbeidsløysa frå juni i fjor, men utviklinga er best i gruppa under 30 år. Denne gruppa har ein reduksjon 21 prosent, mot 9 prosent i gruppa over 30 år.
Talet på heilt ledige innvandrarar frå ikkje-vestlege land er redusert med 52 personar frå juni i fjor. Dette svarar til ein reduksjon på 24 prosent. Innvandrarar frå vestlege land, som stort sett er arbeidsinnvandrarar, har ein reduksjon på 8 prosent. Etnisk norske ledige har ein reduksjon på 10 prosent.

– Både ungdom og innvandrarar er høgt prioriterte grupper hjå NAV, så det er positivt at vi lukkast med å få mange i disse gruppene i arbeid eller aktivitet, seier Thorsnes.

Ledige stillingar

Stillingsmarknaden i Sogn og Fjordane har utvikla seg svært positivt i 2016, men i juni har talet på nye ledige stillingar gått litt ned. Nedgangen er størst innan ulike serviceyrke, mens undervisning har størst auke. Det er flest nye ledige stillingar innan helse, pleie og omsorg og innan undervisning.