Nærkontakt har utvikla symptom. Stenger barnehage i Høyanger


Ein nærkontakt til påvist koronasmitta har utvikla symptom, og Hjetland barnehage i Høyanger er stengd inntil vidare.



- Vi gjer dette som eit «føre var»-tiltak inntil det ligg føre svar på prøven som no er teken. Det ventar vi å ha i kveld, opplyser Petter Sortland til Ytre Sogn måndag føremiddag.



Kartlegging av nærkontakar er i gang.

Ordføraren seier dette berre viser at ein ikkje kan tillate seg å senke skuldrene enno.


- Eg, til liks med andre, kjende meg noko letta då vi fredag kveld fekk resultatet frå massetestinga i Vadheim og Høyanger. I løpet av torsdag vart i alt 68 personar testa - 55 i Vadheim og 13 i Høyanger. Av desse kom som vi no veit 65 tilbake negative, medan tre var uavklarte, seier han.



Dette var også status då rådmannen sin utvida stab hadde møte om koronasituasjonen tidleg måndag.



- Så kom meldinga om ein nærkontakt til påvist koronasmitta som no har utvikla symptom, og dermed vart vi sett litt tilbake igjen, seier Sortland.



Nye prøvar

Elles når det gjeld dei tre uavklarte prøvane frå torsdag kan han fortelje at to av dei no er kvittert ut som negative.



- Når det gjeld den siste vart det teke ny prøve søndag. Den vil vi ha svar på i kveld, seier Høyanger-ordføraren.