Kjartan Aa Berge, administrerande direktør for Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane, har sagt opp stillinga si. (Pressefoto)

Museumsdirektøren har sagt opp

Administrerande direktør Kjartan Aa Berge har sagt opp stillinga si ved Musea i Sogn og Fjordane.


Han vil ha sin siste arbeidsdag 13. august.

– Det er med tungt hjarte eg har valt å seie opp stillinga mi som administrerande direktør for Musea i Sogn og Fjordane, seier Aa Berge i ei pressemelding.

Den avtroppande direktøren er særleg audmjuk over å ha fått leie Musea i Sogn og Fjordane i ei brytningstid inn i eit nytt og sterkt museumsfylke.

– Når eg les den nye museumsmeldinga, kan eg slå fast at Musea i Sogn og Fjordane er godt budd til å halde fram som ein viktig museumsinstitusjon i det nasjonale museumsnettverket generelt og Vestland fylke spesielt. Det gler meg, seier han og held fram: – Dette er mykje takka dere den omfattande omorganiseringa og det systematiske planarbeidet som musea har vore gjennom dei siste åra. Eg vil rette ein stor takk til alle dei tilsette og styret for godt samarbeid i denne prosessen.

100 millionar kroner
Aa Berge gler seg også over at han har fått lov til å leggje til rette for at Musea i Sogn og Fjordane kan løyse ut nærare 100 millionar kroner til ulike investeringsprosjekt framover. Nytt museumsmagasin i Angedalen, ombygging av administrasjonsbygg i Movika og til sist nytt verne- og formidlingsbygg til Holvikjekta.

– Dette arbeidet hadde ikkje vore mogleg å lykkast med utan gode medarbeidarar. Eg er takksam fir å kunne oppnå slike resultat gjennom godt lagarbeid med flinke folk, seier han. 

Kom ein moglegheit
Ifølgje Sogn Avis skal Aa Berge no over i ny jobb i næringslivet, utan at han vil seie kva det er snakk om. 

– Det kom ein moglegheit, litt uventa, som eg rett og slett har valt å ta, seier han til avisa.

– Eg har ingen planar om å flytte, legg han til.

Åremål på seks år
Styreleiar Ivar Kvalen takkar Aa Berge for innsatsen.

– Vi tykkjer det er synd at Kjartan gjer seg no, men respekterer sjølvsagt valet hans. Eg vil takke han for den innsatsen han har gjort og resultata han har oppnådd for Musea i Sogn og Fjordane dei fire åra han har vore her, og ønskjer han lukke til vidare, seier Kvalen.

Styret i Musea i Sogn og Fjordane vil no førebu ein tilsettingsprosess for å finne ny administrerande direktør i ein seks års åremålsstilling.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.