Monica og søstrene vil skape god MGP-stemning


Om du følgjer med på årets Melodi Grand Prix-sendingar, må du ikkje bli overraska om du ser Monica Sunde Tjønnås og søstrene hennar applaudere undervegs

- Sidan det i år vert Melodi Grand Prix (MGP) utan publikum, er folk landet rundt invitert av NRK til å lage videoar med applaus på 20 sekundar, og det har vi gjort - og vi dreg den heilt ut, ler Monica Sunde Tjønnås, som bur i Lavik.

Ho og søstrene hennar - Nina Fossheim, Ingunn Alice Fanebust og Anna Cecilie Midttun - er nemleg over gjennomsnittet interesserte i musikkonkurransen, som brukar laus med første delfinale i morgon laurdag.

- Då vi vaks opp var jo NRK einaste tv-kanalen vi hadde å sjå på, og Melodi Grand Prix var jo eit av årets høgdepunkt. Då sat vi alltid heime i stova og gav poeng til dei ulike låtane, fortel ho.

Og det har søstrene hadde fram med i vaksen alder.

- Det er jo eit fantastisk show. Og når vi ikkje har høve til å sjå å i lag, er vi i kvar våre stove og kommenterar det heile på chat’en på mobiltelefonen, seier Tjønnås.

Bobbysocks og TIX

Innspelinga av videoane gjorde dei ein kveld i Jølster, heime hos ei av søstrene.

- Det var berre å pakke kofferten med alt mogleg av kostyme, og setje kursen mot Jølster.Kor mange videoar det til slutt vart er eg usikker på, truleg seks-sju. Vi brukte i alle fall nokre timar på det, seier ho og ler.

- Vi laga også plakatar med namn på artistar som er med.

østrene laga også plakater med namn på artistane som er med.

Kostymene inkluderte blant anna paljettdrakter - tydeleg inspirert av antrekket til Bobbysocks som vann MGP i 1985. For øvrig blant dei norske MGP-favorittane hennar, saman med Alexander Rybak’s «Fairytale» og Elisabeth Andreasson og Jan Werner Danuielsen’s «Duett».

- MGP er jo glitter og paljettar! påpeikar Tjønnås.

Dei fire søstrene I antrekk tydeleg inspirert av Bobbysocks, som vann Melodi Grand Prix med «La det swinge» tilbake i 1985.

Elles hadde dei også henta fram pelskåper og panneband for å gjere ære på TIX, ein av artistane som er med i år.

Til stades på finalen

Det var før jul at NRK gjekk ut og oppmoda folk til å sende inn videoar som dei vil bruke i MGP-sendingane framover.

- For oss var det sjølvsagt å vere med på, seier Tjønnås, sjølv om ho tykkjer at det er leit at det i år ikkje skal vere publikum til stades.

Sjølv reiste ho og søstrene til Trondheim under finalen i 2020, då Ulrikke Brandstorp vann. Året før var dei i Oslo og heia fram KEIINO.

- I Trondheim kom artistane innom hotellet både vi og Grand Prix-klubben budde på, og mingla med oss etter generalprøven. Det var utruleg kjekt! seier Tjønnås, som akkurat no er mest spent på om videoene deira blir å sjå allereie under første delfinalen i morgon.

- Vi veit jo ikkje kor mange dei tek med. Men i og med at vi har gjort såpass ut av det, får vi håpe og tru at vi kjem med, seier ho.

Fargerike parykkar høyrer også med når det er Melodi Grand prix-fest.