Mobilbøter for over 5 millionar i Vest politi­distrikt

Politiet i Vest skriv bøter så blekket sprutar. 1032 personar har hittil i år blitt bøtelagt for mobilbruk bak rattet.

Trafikksikkerheitsorganisasjonen Ung i Trafikken meiner enkelte bilistar undergrev trafikksikkerheiten.

– I år kjem nærmare 100 liv til å gå tapt i trafikken, menneskeliv vi aldri får tilbake. Mange av dei helt uskyldige ofre for andre sine egoistiske val. Det siste vi då treng er bilistar som bagatelliserer og undergrev trafikksikkerheiten ved å bruke mobilen bak rattet, seier kommunikasjon og samfunnskontakt i Ung i Trafikken, Henrik Pettersen Sunde.

Han gir uttrykk for at så mange bøteleggingar for mobilbruk bak rattet først og fremst er trist, samtidig som han er overraska over det som kjem fram.

– Vi er overraska over tala, sidan bøtesatsen auka til 5000 kroner i år. Ein skulle jo tru at det hadde ein mer avskrekkande effekt på folk. Kanskje er bøtesatsane framleis for låge, undrar Sunde.

Henrik Pettersen Sunde, Ung i Trafikken. (Foto: Sigmund Sagberg)

«Men det skjer ikke meg»
Han fryktar at for mange bilister bagatelliserer kor ille det faktisk kan gå.

– Diverre ser vi at 1 av 3 dødsulykker i trafikken skjer på grunn av mobilbruk. Vi fryktar at majoriteten av bilistane bagatelliserer faren ved dette og har ei haldning om at «det skjer ikkje meg», seier han.

Aldersgruppa som hyppigast blir bøtelagt, er 25 – 44 åringar. Sunde let seg ikke imponere.

– Det er jo paradoksalt at foreldregenerasjonen skal vere førebilete for dei yngre, men likevel brukar mobiltelefonen så hyppig. Køyrer du i 50 km/t og ser ned i mobilen i tre-fire sekund, har du faktisk køyrt 70 meter. På dei meterne kan du i verste fall ha forårsaka ei alvorleg trafikkulykke, understrekar han.

Sunde seier avslutningsvis at det ikkje er meininga å vere moralpoliti, og at han sjølv har teke dårlege valg bak rattet. Men han er tydeleg på at det siste vi treng inn mot jul, er endå ei dødsulykke i trafikken.

[annonse]

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.