Mista førarkortet på E39

Ein mann i 30-åra måtte gje frå seg førerkortet då UP hadde kontroll på E39 ved Norevik, mellom Vadheim og Lavik, onsdag.


– Vedkommande vart målt til 119 km/t i 80-sona. Fartsoverskridinga skjedde i samband med forbikøyring, opplyser politioverbetjent Inge Værøy hos UP Sogn og Fjordane til Ytre Sogn.

Grensa for å miste førarkortet i 80-sona er 116 km/t. 

– I tillegg til beslag av førarkort, vart det i same kontroll gitt fem forenkla førelegg for høg fart. Høgste vart målt til 97 km/t, noko som resulterte i eit førelegg på 5000 kroner og to prikkar i førarkortet, opplyser Værøy.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.