Miljøkoordinator (2. gongs utlysing)

LEDIG STILLING I HØYANGER KOMMUNE:

Miljøkoordinator (2. gongs utlysing) 

Fylkesmannen har tildelt Høyanger kommune prosjektmidlar til auka innsats i arbeid innan kommunalt rusarbeid. 100% prosjektstilling i 4 år frå snarast. 

Stillinga vil i hovudsak vere retta mot aldersgruppa 13- 25 år der fokus vil vere å styrke arbeidet mot utsett ungdom. Kommunen har både ungdomsskular og vidaregåande skular og ein vil ha fokus på å vere tilstades der ungdomane er, av den grunn må ein pårekne noko arbeid på kveldstid og i helgar. 

Vi søkjer deg med relevant høgskuleutdanning og dersom du har erfaring frå liknande arbeid er det ein føremon. 

Kontaktperson: kommunalsjef Toril Varden på tlf 992 19 345 Alle stillingar:

Fullstendig utlysingstekst og elektronisk  søknad på hoyanger.kommune.no

Søknadsfrist: 23. januar 2022