Saman med resten av fjorårets trenarapparat beståande av Mauricio Hernandez og Jarl Ulvestad i trenarapparatet held Miguel Angel Maureira Molina (biletet) fram som hovudtrenar for A-laget til IL Høyang også denne sesongen.
Fjorårets trenarapparat klare for ny sesong

Miguel held fram som trenar for A-laget

Saman med resten av fjorårets trenarapparat held Miguel Angel Maureira Molina fram som hovudtrenar for A-laget til IL Høyang også denne sesongen.


-Eg likar å vere på bana saman med gutane. På eit møte etter førre sesong var det eit samstemt lag som ønska at eg og dei andre i trenarapparatet skulle halde fram også denne sesongen. For min del er det veldig kjekt at vi er eit team som samarbeider for å få ut det beste potensialet til spelarane, og ikkje minst den gode kjensla ved det å spele fotball, fortel Miguel Angel Maureira Molina.  

Ikkje optimalt
-Korleis har det vore å halde motivasjonen i laget oppe i desse koronatider?

- Fjorårets sesong vart først og fremst veldig tragisk fordi ein ikkje fekk spele kampar på grunn av koronasituasjonen, samstundes med at smittevernsreglar måtte følgjast på treningane, noko vi framleis gjer, seier han.

- Sjølv om vi fekk gjennomført treningane med mange ulike øvingar, så vart det ikkje heilt optimalt når vi ikkje kunne ha speleøkter, seier han og vil rose det unge laget dei har og stå-på-vilja dei viser. 

- Forhåpentlegvis får vi snart spele kampar igjen, seier han og fortel at etter å ha henta opp nokre få frå smågutelaget som er med på eit par treningar i veka, består A-lagstroppen no av om lag 25 spelarar.

Saknar kampar
Morena er imidlertid skeptisk til om det vil bli opna for kampspel denne sesongen.

-Eg har sjølvsagt eit håp, men tykkjer det ser mørkt ut. Men fram til det eventuelt skjer så vil vi forsetje å halde trykk på treningane, som var i gang allereie første veka i januar. Per i dag har vi tre treningar i veka, i staden for fire. Dette fordi den eine som består av speleøkter og  kampspel ikkje kan gjennomførast på grunn av koronasituasjonen, seier han og legg til at dei har vore heldige her i Høyanger som har hatt lite smitte, noko som er veldig bra. 

- Men for fotballen sin del hjelper dette lite når delar av landet er stengt ned, og vi ikkje kan reise rundt og spele kampar. Men så lenge vi får lov til å trene og spelarane har lyst til det, så kjem vi til å halde fram også i 2021. Målet med treninga er å få visst fram sluttproduktet i kamp, noko vi kryssar fingrane for at vil skje i løpet av året, avsluttar han.

 

 

 

 

 

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.