Ytring frå Motvind Sunnfjord og ytre Sogn ved leiar Ingunn Kjelstad og nestleiar Einar Rysjedal.

Meir vindkraft eller mindre marknads­filosofi?

Vasskraftlandet Norge har fått ein ny og ukjent kvardag. Statnett si vurdering av notidas kraftsituasjon er at «det er 20 prosent sannsynlighet for at vi havner i en situasjon med rasjonering».  Dette kom fram i ein artikkel i Stavanger Aftenblad 01.07.22.

Statkraft-sjef Christian Rynning-Tønnesen fryktar no for at «det kan bli problemer med å få importert nok strøm til Noreg, hvis det skulle bli tørt resten av året» (Aftenposten/E24 03.07.22). Grunnen til det, at at dersom Europa har knapt med energi, er det tvilsamt at dei vil selje den til oss.

Rynning-Tønnesen forsikrar at Statkraft skal spare på vatnet utover tida fram mot vinteren, men går ut kravet om at kraftanlegga skal ha ei  minstefylling. 

Men heller ikkje olje- og energiminister Terje Aasland stiller krav til kraftbransjen, han vil berre «minne produsentene på deres ansvar for å forvalte ressursene våre på en god og forsvarlig måte.» (Aftenposten 01.07.22).  Med andre ord vil ikkje den øvste politiske ansvarlege for kraftproduksjon og -tilgang, statsråden, ta fatt i alvoret!

Sentralstyresmaktene burde brukt det som måtte vere igjen av nasjonal sjølvråderett til å avgrense krafteksporten og innføre klare reglar for magasinfylling.  Det er kraftbransjen si profittmaksimering gjennom uregulert krafteksport som har gjort at magasinfyllinga er låg. Sentraltyresmaktene kunne, dersom dei tok landets kraftsituasjon på alvor, starta med å regulere krafteksport og magasinfylling gjennom sitt eige kraftselskap, Statkraft. 

I staden nyttar kraftbransjen og deira medsamansvorne denne situasjonen til å rope på meir kraftutbygging – både av verna vassdrag og vindkraft.  Dei siste signala frå sentrale styresmakter tyder på at dei verna vassdrag skal få fred, men dei gir seg ikkje på vindkrafta. 

Aasland avsluttar innlegget sitt i Aftenposten med:  «Målet er at rikelig tilgang på ren og rimelig kraft igjen skal bli et kjennetegn og et konkurransefortrinn i Norge. Vi gir oss ikke før vi er tilbake der.»

Når Noreg i snitt har ein produksjon som er 10 % høgare enn eige forbruk, må ein kunne spørje Aasland kor høg prosent overproduksjon som skal til, før han gir seg.  Og er det framleis vindkraft som gje oss «rikelig tilgang»? 

I staden for vindkraft og å leggje seg ut i strid med distrikta, reiseliv, friluftsliv, miljø og natur, burde Aasland, resten av regjeringa og stortingsfleirtalet stoppe vindkraftutbygginga.  Det er meir enn nok energi å hente til både innbyggjarane, offentleg forbruk og arbeidsplassar/næringsliv gjennom andre tiltak.  Og er det rett at folk, næringsliv, distrikt og natur skal betale den største prisen for eit kraftpolitisk vanstyre frå myndigheitene si side, og som kan la seg løyse med endra politikk?

Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn
v/leiar Ingunn Kjelstad og nestleiar Einar Rysjedal