Meir herverk i Bjordal natt til søndag

Natt til søndag hadde óg Bjordal/Søreide Skyttarlag innbrot og herverk i sine lokale i Bjordal.


Dei ubodne gjestene har knust ei rute på ei av bygningane, gjort herverk med eit pulverapparat samt gjort forsøk på å bryte opp fire våpenskap. Dette skjedde same natta som A og J Bjordal hadde innbrudd i sine lokale berre nokre kilometer unna.

–Det er sannsynleg å tru at det er ein samanheng, seier politiførstebetjent Kristoffer Jorddal Lønning til Ytre Sogn.

Så langt er ingen ført opp som mistenkte for nokon av dei to innbrota.

Leiar i skyttarlaget, Eva Ynnesdal, seier til Ytre Sogn at dei ikkje no veit kva skadane vil koste.

–Vi må erstatte våpenskapa som er forsøkt brutt opp. Heldigvis har dei ikkje fått tak i noko av det som låg inni skapa, seier Ynnesdal.

I skapa var det både ammunisjon og sluttstykke til jaktvåpen.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.