Maureira blir ny Høyang-trenar


Etter å ha vore assistenttrenaren til Leif Arne Tveit dei siste to seongane, tek Miguel Maureira no over som hovudtrenar for IL Høyang sitt herrelag i 4.divisjon.

Med seg får han Jarl Ulvestad som ny assistenttrenar, medan Mauricio Hernandez held fram som keepertrenar.

– No har eg vore med laget to siste åra, og veit kva det går i. Så eg gler meg, seier den ferske hovudtrenaren til Ytre Sogn.

Og leiar i fotballgruppa til ILHøyang, Tore Ytredal, er nøgd med å ha fått med Miguel Maureira.

– Det var også naturleg at han overtok, etter to sesongar som assistenttrenar, og vi er veldig fornøgde med at han sa ja, seier Ytredal.

Maureira har tidlegare vore trenar for aldersbestemte lag i Høyang, både smågutar, lillegutar og juniorar. Han spelte også på laget i seks-sju år på 1990-talet, før han melde overgang til Vadheim.

– Så det er ikkje nytt for meg å vere trenar, anna enn at det no er eit lag i 4.divisjon, eller Kretsligaen, seier han.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!