Mates er tilbake i drift

Mates har fått landa ein forsikringsavtale som no let dei aktivere sparkesyklane sine igjen.


Mates i Høyanger har no inngått ein forsikringsavtale på færre syklar enn først tenkt, og med forsikring berre delar av året, noko som let dei aktivere syklane sine igjen etter ei veke stenging utan for stor prisauke ut mot kundane.

Det var Firda som først omtalte denne saka.

– Vi har sett oss nøydd til å auke minuttprisen frå tre til fire kroner. Vi håpar det ikkje er for mykje, seier dagleg leiar i Mates, Martin Øren, til Firda.

Mates har hatt 160 elsparkesyklar i Førde og 20 i Høyanger, og begge stadar er talet på syklar no redusert med 10.