Margit og Kjell-Arve gifta seg på 78 grader nord


Det måtte flytting til Svalbard og Longyearbyen til, før det vart giftarmål på Margit og Kjell-Arve.

-Vi har prata om det i 20 år, sidan vi fekk ungane, og tenkt på å gjere det hos byfogden i Bergen eller liknande. Men det vart med det, inntil i fjor haust. Då berre bestemde vi oss for å gjere det i Longyearbyen, der vi hadde tilbrakt det siste året, og som har blitt ein spesiell plass for oss, fortel Margit Haaheim og Kjell Arve Kvamme når vi møter dei i bustaden i Auds gate, rett utanfor Byporten, tidleg i januar.

Dagen etter skal ho tilbake til øya i nord, medan han blir verande att i Høyanger.

Margit og Kjell-Arve heime i Høyanger.

Giftermålet fann stad hos Sysselmannen på Svalbard den 9.oktober i fjor, med kun dei to og døtrene Sigrid (20) og Ingvild (17) til stades. På grunn av pandemien og restriksjonane knytt til den fann paret ut at det var best slik. Resten av familien fekk ikkje vite om det før etterpå. Og ifølgje dei to vart det ein fin seremoni, som dei også fekk høve til å setje sitt preg på. Blant anna song yngstedottera for dei.

Paret saman med Kjerstin Askholdt, sysselmann på Svalbard, som foretok vigsla. Isbjørnen måtte sjølvsagt vere med på biletet dei tok etterpå.

- Etterpå gjekk vi ut og spiste, og då vart også nyhenda kjend for vener og kjende vi har fått på Svalbard, som vi då møtte. Så det vart ein fin dag.

Nedlagt gruveby

Snart to år har gått sidan Kjell-Arve flytta til Longyearbyen, etter å ha fått permisjon frå jobben i Høyanger for å byrje i vedlikehaldesavdelinga til Longyear Energiverk – Norges einaste kolkraftverk. Nokre månader etter følgde Margit, døtrene og hunden Aira etter. Ho byrja i Polarflokken barnehage, medan døtrene etter kvart returnerte til fastlandet - Sigrid til førstegongsteneste i militæret og Ingvild for å byrje på vidaregåande skule. Den gong fortalde paret til Ytre Sogn at dette var noko dei hadde hatt lyst til å gjere lenge, men det var først no at det passa, ikkje minst i høve til jobbar.

Kjell-Arve, Margit, døtrene Sigrid og Ingvild og hunden Aira på skutertur.

- Forventningene den gong var at vi kom til å få mange nye, spennande opplevingar, og det har vi, heilt klart, seier Kjell-Arve.

Margit nikkar.

- Ja, det har vore over all forventing, seier ho og nemner turane dei har vore på, til fots opp til utsiktspunkt som Sukkertoppen og Platåfjellet sommartid, og på skuter innover Adventsdalen vintertid.

Båtturar har det også blitt, blant anna til dei gamle russiske gruvesamfunna Barentsburg og Pyramiden. Kun Barentsburg, omlag 60 kilometer unna Longyearbyen, er i drift i dag. Tilsaman bur der rundt 450, i hovudsak russarar og ukrainarar.

Besøk av isbjørn

Dyrelivet er også spesielt, på grunn av dei klimatiske forholda. Det er særprega av få artar. Blant dei er kvalross, reinsdyr og, ikkje minst, isbjørn og eit yrende fugleliv.

- Det næraste vi har vore isbjørn er tre kilometer. Men vi har i alle fall fått sett isbjørn, seier Kjell-Arve og smiler.

Det nærmaste Kjell-Arve og Margit har kome isbjørn på Svalbard.

Longyearbyen er imidlertid ikkje ukjend med besøk av dyra, sidan dei vandrar nærare inntil busettingane enn dei gjorde før. Nokre gonger har også utfallet vore fatalt. Seinast i for haust vart ein person som budde på campingplassen utanfor Longyearbyen drepen av isbjørn. Sist det skjedde var for ti år sidan.

- Det har vore isbjørn som har vandra i gatene, seinast i romjula 2019, så faren er jo der alltid, sjølv om den held seg mest utanfor. Så ein har det alltid i bakhovudet når ein ferdast ute, seier ho.Difor vert ein også oppmoda om å gå ifølgje med lokale som ber våpen når ein går utanfor busettinga. Når det gjeld klimaet, så merkar ein også endringar på Svalbard.

- Det kaldaste vi har opplevd er -32 grader, Samtidig vart det sett varmerekord i sommar med 21 grader. Det vanlige er jo rundt 15 grader. Så også der gjer klimaendringane seg gjeldande, seier han.

Ho nikkar.

- Vi måtte også vente lenge på vinteren. Først i slutten av oktober kom snøen.

idnattssol over Longyearbyen.

Rikt kulturtilbod

Elles trekk dei fram det spesielle lyset, uansett årstid. Om sommaren er det midnattsol og lyst heile døgnet, medan om vinteren er det mørketid og mykje nordlys

- Det einaste som fortel kva tid på døgnet vi er, er folkelivet i gatene, seier Margit og smiler.

Når det gjeld sjølve plassen har den litt over 2000 innbyggjarar, det vil seie omtrent på storleik med Høyanger. Det skjer noko heile tida, ikkje minst i kulturhuset, der ein har både kino, scene, øvingsrom og kafë, fortel dei to.I løpet av året finne det også stad musikkfestivalar, idrettsarrangement og anna, som Polarjazz, Spitsbergen Maraton, Dark Season Blues og SmakSvalbard.

Skilt som åtvarar mot isbjørn er det fleire av i og rundt Longyearbyen.

Og innbyggjarane er imøtekomande.

-Det er mange som kjem dit for ein periode, for så å reise igjen. Det er innbyggjarane vande til - og veit sjølve korleis er, og er difor flinke til å ta imot dei nye som kjem, seier dei to.

Sjølv om det er flest nordmenn, bur det også mange andre nasjonalitetar der, blant anna på grunn av Unis (Universitetssenteret på Svalbard) og SvalSat (Svalbard Satellittstasjon).

Margfit og Kjell-Arve på tur med hunden Aira.

Nærare familien

Det einaste negative dei kjem på ved å bu på Svalbard er avstanden til familien. Å kome seg til og frå fastlandet er ei dagsreise, og det er daglige flyavganger til Tromsø og Oslo, men det vert ganske dyrt.

- Elles skulle eg gjerne vore der lenger, slik Margit no skal, seier Kjell-Arve.

Sjølv fekk han utvida permisjonen frå jobben som vaktmeister i Høyanger kommune to gonger, og følte at han ikkje kunne søkje om ein tredje. Ho har enno nokre månader att av permisjonen sin, og skal vere i Longyearbyen fram til august. Då vender også ho tilbake til Høyanger, og jobben i Olderdalen barnehage,

- Men eg føler at vi enno har mykje att å oppleve der oppe. Så vi andre kjem til å reise opp og besøke Margit i feriar, no først til påske, seier han.

Kjell-Arve og Margit sitt husvære, nedst i Longyearbyen,

***

5 ting du må oppleve på Svalbard

Her er fem ting Kjell-Arve og Margit meiner at du må få med deg når du besøker Svalbard.

1) Tur med snøskuter eller hundeslede inn Adventdalen i nordlyssesongen.

På skutertur innover Advenstdalen.

2) Svalbard Museum, som blant anna presenterer øya sin natur- og kulturhistoriske plass i Norge og Arktis.

3) Båttur til dei russiske gruvebyene Pyramiden og Barentsburg, den eine nedlagd, den andre framleis levande.

Den russiske gruvebyen Barentsburg.

4) Omvising i Gruve 3 i Longyearbyen, der maskiner og utstyr framleis ligg att frå drifta vart innstilt i 1996.

5) Tur til fots opp på fjellet Sukkertoppen/ (371 moh) for den beste utsikten over Longyearbyen. Eit alternativ er Varden på Platåfjellet (424 moh).

Sukkertoppen, med dei karakteristiske spisshusa i framgrunnen.