Frå lesarane:

Lys korps­framtid for Høyanger skule­musikk

Vi har lukkast svært godt med rekrutteringsarbeidet til korpset vårt denne sesongen. Per dags dato har vi 17 unge og lovande aspirantar, og det lovar godt for framtida vår.


Hausten 2021 vart alle elevane i 2.klasse ved Høyanger skule inviterte til å starte med kornett-opplæring. Elevane tok i mot invitasjonen med opne armar, og har sidan september hatt gruppeøvingar ein gong i veka med dirigent Jason Burn. 

Aspirantane øver jamt og trutt ein gong i veka, rett etter skuletid, og vi er takknemlege for det gode samarbeidet vi har med Høyanger skule i den samanheng. Lærarane har vore positive og det har mykje å sei. 

Sin første konsert hadde aspirantane allereie 23. oktober. Då sjarmerte dei publikum på Valhall, under FM sin haustkonsert. Det var nok mange sommarfuglar i magen til 7-åringane, men dei gjennomførte med glans - til stor applaus frå dei frammøtte.

8. november fekk alle utdelt jubileumsmedalje då Høyanger skulemusikk markerte sine 95 år med festmiddag på Øren hotell.

Aspirantane skulle også delta på julekonserten til FM i desember, men grunna smitteverns-restriksjonar måtte konserten avlysast. Dette var noko ungane hadde gleda seg lenge til, så skuffelsen var stor då det ikkje blei konsert.

På nyåret fekk aspirantane utdelte nye, svarte hettejakker med logoen til Høyanger skulemusikk på. Jakka kan brukast både på skule og i fritida. Aspirantane sette stor pris på jakkene, og dei vert mykje brukt. Sidan aspirantane øver mest gruppevis, ynskjer vi å legge opp til at dei også får spele saman som ei stor gruppe. I tillegg er det sosiale samhaldet viktig å bygge opp i eit korps. Difor inviterte vi til aspirant-øving fredag 4. mars i aulaen ved Høyanger skule, iveren var framleis på plass, og alle 17 aspirantane møtte opp.

Øvinga starta med ei fellesøkt der rytme, speleteknikk og speleglede stod i fokus. Etter kvart delte vi aspirantane inn i mindre grupper som fekk kvar sin instruktør og medhjelpar med på laget. Tusen takk til Gry Sissel Sagen, Johnny Litsheim, Maria Heggheim Nesse, Ingrid Heggheim Nesse, Edel M Dale og Marcus S Amundrud for god hjelp.

Det vart også tid til sosialt samvær med pizza og kake. Høyanger skulemusikk er imponert over den positive dugnadsinnsatsen i foreldregruppa. Mange stilte opp og hjelpe til slik at kvelden blei vellukka på alle måtar. Vi avslutta øvingsfredagen med ein spontant minikonsert til foreldra som kom for å hente dei unge musikantane sine heim.

Med seg i sekken fekk aspirantane også konsert-antrekk til deira neste store framsyning, som er konserten «Don`t stop us now» i Høyanger samfunnshus 1. og 2. april. 

Då får publikum høve til å sjå og høyre Høyanger skulemusikk sine herlege og flinke musikantar. 

Øygunn Gunnarskog
leiar i Høyanger skulemusikk