Hydro i Høyanger har motteke over 100 søknader frå folk som vil ha sommarjobb.

–⁠ Luksusproblem med så mange søknader

Det meiner Jonny Manseth, personalsjef ved Hydro Høyanger, om talet på søknadar om sommarjobb hos dei.


Manseth fortel at dei har motteke over 100 søknadar. Den store pågongen kan kanskje skuldast at Nyrstar har lagt ned produksjonen.

Fristen for å søkje hos Hydro Høyanger gjekk ut den 6. januar. 

Svar snart 
– Vi har akkurat byrja å sjå på søknadane, og kjem til å ta inn 60 sommarvikarar, seier han. 

Søkjarane kan vente å få svar på søknaden første veka i februar. 

– Som vanleg  tek vi inn både nye og gamle sommarvikarar. Vi tek inn 15-16 nye og resten er folk som har vore sommarvikar hjå oss før. Nokon har vore i både sju, åtte og ni somrar.  

Held kurs
Manseth seier at det er mykje å setje seg inn i om ein vil vere sommarvikar hos å Hydro. 

– Før påske køyrer vi alltid i gong eit truckkurs som er obligatorisk for dei som skal jobbe her om sommaren. Andre kriteriar for få sommarjobb er at dei bind seg i 8 veker, har bilsertifikat og at ein består lungefunksjon-testen, seier Manseth. 

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.