«Du og eg og dei to» handlar om to par. Dei er gode vener, et middagar i lag og planlegg ferietur, men så går bomba av. F.v.: Tore Christian Sævold, Idun Losnegård, Torgny Andreaa og Christine Hope
. (Alle foto: Espen Nyttingnes)

Christine Hope og co kjem til ytre Sogn

- Livet er tragikomisk. Det slår Christine Hope fast. Ho står på scena i vårens skilsmissekomedie på Teater Vestland.


I Ytre Sogn får både Balestrand, Hyllestad, Gulen og Solund besøk av ensemblet deira.
  
– «Skilsmissekomedie» er eit fantastisk ord, seier Christine Hope, kjent for det breie publikum gjennom humorserien «Frittgående Hope» på TV2.

– Eg har alltid hatt ei dragning mot det tragikomiske. Nokre av dei beste teaterframsyningane eg har sett har gjerne hatt djupt alvorlege tema, men med humor i botnen. Eg kan grine og vere heilt med, men viss eg i tillegg får lov til å le, då reiser eg meg gjerne opp og jublar etterpå. Vi treng å le, det er jo det beste som finst! seier ho.

Bomba går av
«Du og eg og dei to» handlar om to par. Dei er gode vener, et middagar i lag og planlegg ferietur, men så går bomba av: Det eine paret skal skiljast. Derifrå skyt handlinga fart med komiske, absurde og rørande element.

 Stykket har premiere 12. februar, og teateret har samla litt av eit stjernelag. 

~Ensemblet består av fire sterke skodespelarar som kvar på sin kant har dyrka fram særeigne former for komikk. No dundrar dei saman på scena, i lag for første gong, seier regissør Philipp Stengele. 

Torgny Anderaa og Idun Losnegård
.

Frå øvste hylle
Då han og teatersjef Cecilie Lundsholt skulle caste ensemblet, sette dei seg ned og ønskte seg skodespelarar frå øvste hylle. Teaterets eigen Idun Losnegård var sjølvskriven, ho har kitla publikum sine lattermusklar mang ein gong, mellom anna som streng, storrøykande vaskedame i publikumssuksessen «På lokalet». Torgny Aanderaa kom på plass, kjent og kjær som blind advokat i den kritikarroste serien Aber Bergen, og deretter signerte Tore Christian Sævold. Han har vi sett i eit vell av roller i fleire filmar og som DNS-skodespelar gjennom 11 år. Til slutt gjorde Christine Hope laget komplett. 

— Vi var på jakt etter ein god komedieskodespelar, og då var Christine eit sjølvsagt val, seier teatersjef Cecilie Lundsholt. 

Kjenner seg att
Skodespelarane møtte kvarandre for første gong like før jul, og det var full kjemi frå første sleivspark. 

– Temmeleg raskt vart det berre gøyalt, seier regissøren og held fram: 

– Humoren ligg i at ein kjenner seg så forbaska godt igjen i dei to para på scena. Det eine paret held saman gjennom bølgedalane, om enn noko stivna i eit rutinemessig samliv. Det andre paret går ifrå kvarandre og kastar seg ut i elleville eskapadar for å ta igjen den tapte tida. Vi treff oss sjølve i døra, og det er det som er så gøy, seier Philipp Stengele. 

Christine Hope og Torny Anderaa

Turné i bygdehus
«Du og eg og dei to» skal på turné til bygdehus i heile Vestland. 

- Vi har valt å kalle den nye turneruta for «Hus vi er glade i», det vil seie forsamlingshus rundt omkring i bygdene der folk opp gjennom tidene har gått på alt frå dans og juletrefestar til korøvingar og gravferder. Her kjem vi til å dukke opp kvar vår og haust dei neste åra. 

I ytre Sogn kjem til Åfjorddalen bygdehus, Solund grendahus og Risnehall i Brekke

 – Mang ein romanse har starta i desse bygdehusa, men det er eit statistisk faktum at nesten halvparten av alle ekteskap endar i havari. Det er aldri løye å stå midt oppi ei skilsmisse, men når denne skilsmissa går på scena, vert det til å le seg skakk av. 


Turnèrute i ytre Sogn: 

17.februar Åfjorddalen bygdehus
18.februar Solund grendahus
19.februar Risnehall Brekke
10.mars Balestrand bygdehus

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.