ilbake på oldeforeldra sin gard i Skifjorden i Hyllestad, er framtidsplanane til Idar Kristian Gjervikog sambuaren Linn Kristin Silden å få til ein form for besøksgard, med dyreterapi

Linn og Idar flytta heim til slekts­garden hans. No vil dei etablere besøks­gard på «Håjen»

- Kvifor har vi ikkje gjort dette tidlegare? har Idar Kristian Gjervik (38) og Linn Kristin Silden (39) tenkt no i ettertid.


Å flyttet tilbake til heimtraktene hans, i Skifjorden, er noko paret har hatt i tankane lenge. Og i fjor sommar vart det ein realitet 

Paret traff kvarandre i 2015 og har til saman seks born i alderen 10-22 år frå tidlegare forhold. Etter å ha budd i Stryn i nærmare 20 år valde Idar Kristian Gjervik (38) og sambuaren Linn Kristin Silden (39) - som opphavleg kjem frå Stryn - å flytta til heimtraktene hans i Skifjorden, og garden til oldeforeldra hans; »Håjen» som har stått tom i ti år.

-Dei siste åra følte vi at ting gjekk på tomgang, og kjende at vi var klare for endring. Borna våre, som ikkje vart med på flyttelasset, er glade for at vi har busett oss her, og kjem på besøk så ofte dei kan. For meg så var det å kome til naturen og omgjevnadane her i Skifjorden rett og slett terapi, fortel Linn til Ytre Sogn.

Målet til det gjestfrie og dyreglade paret er at «Håjen» skal bli ein besøksgard, der store og små kan få moglegheit til å kome og sjå alle dyra. Dei har også planar om dyreterapi. Idar har erfaring med det siste gjennom tidlegare jobb som miljøarbeidar, og har sett gleda det gir.

Garden «Håjen» ligg idyllisk til, med panoramautsikt over Skifjorden

Yrande dyreliv
For på garden er det allereie eit yrande dyreliv. Saman med saueflokken, som er av rasen gamalnorsk, finn ein shetlandsponniane Monsun og Stevie. 

-Dei to er far og son, og er to kjekke, tillitsfulle ponniar på tre og sju år som eigarane skal ha her hos oss på permisjon ei stund framover. For dei yngste ungane våre vart namnet Monsun litt vanskeleg, så her hos oss går han under namnet Monsen, som også fungerer, ler ho.

I flotte omgjevnadar har Shetlandsponniane Monsun og Stevie det fint saman med saueflokken.

Men ho blir raskt meir alvorleg når praten kjem inn på saueflokken som i dag tel fem, etter at den eine vart offer for ulven «Lucky», som nyleg vart skoten like i nærleiken.

-Det var veldig trist at sauen vart teken.Dei er av ein rase som kan vere ute heile året, og på vinteren slepp vi dei ut om morgonen og tek dei inn att før det blir mørkt, fortel ho. 

I innhegninga attmed dei andre dyra finn ein dei to vietnamesiske hengebuksvina Wenche og Irene, som i følgje Linn er oppkalla etter mor og svigermor.

I tillegg kjem høner, kaniner, hundar og katt, og i følgje Idar  vil dei snart få endå fleire dyr. 

Med kaninar, høner, sauer, ponniar, griser, hundar og ein katt er det allereie eit yrande liv oppe på«Håjen».

-I løpet av dei nærmaste dagane vil vi få ein vær til garden, samt nokre geitekillingar som bestemora mi har kjøpt, seier han.

Mange planar
I det gamle huset frå 1933 er paret godt i gong med innvendigeoppussing, og med lyse fargar på veggane og gamle gjenstandar som dei har funne i skap og skuffer har dei halde på  den gamle, sjarmerande stilen.

Men sjølv om dei allereie har kome godt i gong med både gardsdrift og oppussing er det framleis ein god del arbeid att.

Det å flytte til Idar sin heimstad og ta over garden etter oldeforeldra hans, er noko paret er veldig glade for at dei valde å gjere.

-Vi har fått gjort ganske mykje sidan vi flytta inn her rett før skuleferien i fjor, og har mange tankar og idear for både inne- og uteområde. Fram mot sommaren skal vi jobbe ein del inne, mellom anna skal vi få på plass nytt kjøken.  Elles vert det også ny kledning på den eine veggen, der vi også skal ha inn eit par nye vindauge. 

Ny veranda på framsida av huset er også noko dei har lyst til å byggje.

- Men alt kostar, så vi må berre ta det gradvis, seier dei. 

Ulike interesser
Når Idar er på jobb på oppdrettsanlegg i Leirvik, som medfører at han er vekke anna kvar veke, er det Linn som tek seg av gardsdrifta. 

-Det å halde ting i gang her når han er vekke går heilt fint. For det å stelle med dyra og jobbe på garden har berre gjort meg godt. Eg jobbar også litt i barnehagen og på SFO i Hyllestad der eg trivst veldig godt. Men på grunn av utfordringar med helsa jobbar eg førebels berre som vikar, fortel ho.

atfatet til dei vietnamesiske hengebuksvina Wenche og Irene er fylt opp.

I tillegg til oppussing og gardsarbeid er Linn oppteke av interiør, ikkje minst gjenbruk av gamle skattar som dei har funne på garden, .som til dømes mjølkekrakken til Idar si oldemor. Den blir no  brukt som hylle i stova. For Idar sin del er det å byggje og fikse ting noko han likar veldig godt. Han er også svært glad i musikk, og i tillegg til å komponere eigne låtar ,har han vore med i ulike metallband.

-Dette med musikk er ein hobby eg ikkje har hatt så mykje tid til den siste tida, men som eg ønskjer å ta opp igjen. Musikksjangeren eg likar er stort sett bråkete rock`n roll,  eller "stoner rock", og som er groovy musikk med lite vokal, fortel han.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.