Torleif Julseth, Sturla Bell Fossen og Olav Wiik i LHL Høyanger kunne fredag kveld overrekke gåvesjekken på 50 000 kroner til Jonny Skår og resten av Siplo-gjengen. I bakgrunnen ser ein deler av det flett nye nybegynnertrekket som vil opne til vinteren, og som har hatt ein kostnad på omlag tre millionar.

LHL Høyanger med støtte til vinterleg folkehelse

Skrive av Kay-Ole Aven Ullebø
06.09.2022 09:42

– Vi hadde litt midlar tilgjengeleg til utdeling i år, og Siplo og det nye nybegynnartrekket der kom raskt opp i diskusjonen som eit flott tiltak å støtte.  Det sa lokallagsleiar Olav Wiik i LHL Høyanger då han fredag overrekte ei gåve på 50 000 kroner til Siplo-gjengen.

Tre millionar kroner og eit ukjend tal dugnadstimar har blitt investert i nybegynnertrekket som nyleg kom på plass på Siplo Skisenter, og som vil bli teken i bruk for første gong no i vinter. Denne investeringa i lokal folkehelse med eit ekstra fokus på dei yngre har ikkje gått LHL Høyanger hus forbi, og det lokale laget bestemte på årsmøtet sitt tidlegare i år å nytte oppsparte midlar på ei tildeling til Siplo-gjengen.

Abonner på Ytre Sogn for å få tilgang til heile saka, og mykje meir!

plussText