Leiteaksjon i Hyllestad held fram

Leiteaksjonen i Hyllestad vert starta opp att no klokka 9 torsdag morgon.

Det melder Vest politidistrikt på Twitter.

Totalt 18 personar frå Røde Kors søkte etter den sakna mannen i 60-åra fram mot midnatt. I tillegg deltok fire ekvipasjar frå Norske Redningshunder.

Det var i går onsdag at mannen vart meldt sakna, og det vart sett i gang leiteaksjon rundt Lifjorden. 

Ifølgje Vest politidistrikt kan han ha vore borte frå bustaden sin i Hyllestad sidan søndag, truleg i samband med jakt. 

 

 

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.