Lærar for framandspråklege

Lærar for framandspråklege
Hyllestad skule har ledig stilling som lærar, 100 % stilling frå snarast og ut skuleåret 2022/23.  Vi søkjer etter nokon som kan ta undervisning av framandspråklege elevar frå Syria og Ukraina.

Arbeidsoppgåver
Planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning og læringsarbeid.
Samarbeid med heim og med kollegaer.
Bidra i skulen sitt utviklingsarbeid.
Undervisning i andre fag er òg aktuelt

Kvalifikasjonar
Det er ein fordel med lærarutdanning med vekt på tospråkleg utdanning
Lærarutdanning frå heimlandet til eleven, samt gode norskkunnskapar
Kjennskap til Teams og IKT som arbeidsverktøy

Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein varm, trygg og stabil vaksenperson
Du må like å arbeide med barn, ha evne til å byggje relasjonar og behalde roen når det krevst.
Godkjent politiattest må framvisast før tiltreding.

Vi tilbyr
Løn etter kvalifikasjonar og tariff.
Spennande arbeidsoppgåver i eit godt fag- og arbeidsmiljø
Mentorordning
Gode pensjons- og forsikringsordningar i SPK
Hjelp til å finne bustad om naudsynt
Reduserte betalingssatsar i barnehagen
Bustadtilskot til førstegangsetablerarar
Gratis tilgang til styrke- og spinningsrom i idrettshallen

Kontaktpersonar:
Personalsjef Elin Garnes Solås 
tlf: +47 57789504 
mob: +47 90507908

Rektor Kristin Eimind 
tlf: +47 57789553 
mob: +47 47281917

Søknadsfrist:  25.09.2022

www.hyllestad.kommune.no

https://hyllestad.easycruit.com/vacancy/3017503/141667?iso=nn

Velkomen som søkjar!