Lar dei vindkraft­planar ligge?


På måndag serverte avisa Klassekampen gladmelding om BKK/Eviny. Overskrifta var at BKK/Eviny «Lar vindkraftplanar ligga».

Lenger nede i teksten står det at vindkraftplanane «truleg blir liggande i skuffa». Ja, i skuffa – ikkje i det historiske arkivet der planane burde liggje. «Pauseknappen er framleis på», seier administrerande direktør Olav Osvoll. Ja, han seier «pauseknappen» - ikkje stoppknappen.

Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn har sendt e-post til Eviny for å få greie på kor djup skuffa er og kor lang pausen blir.

Eviny er eigd av bl.a. Statkraft, som tydeleg nok ivrar for vindkraft slik andre store selskap som Hydro og Equinor også gjer. Desse selskapa ivrar i lag og kvar for seg for vindkraft. Kan ein vere sikker på at Eviny ikkje lar seg styre av Statkraft når eigarskapen er slik den er?

Til avisa seier Eviny-direktøren at «dei er heilt avhengig av positive vertskommunar» og at «Det kan henda at stemninga for vindkraft snur.»

«Det kan henda at stemninga for vindkraft snur», skal Osvoll ha sagt til avisa. Det seier ikkje ein direktør utan at han ser håp, og kanskje utan at han veit noko meir enn vi veit. Han seier dette trass i den tydeleg beskjeden som Høyanger kommune og ordførar Petter Sortland har gitt gang på gang om at resten av naturmangfaldet vårt ikkje er til sals.

Norwea, vindkraftselskap sin lobbyorganisasjon, tek til orde for at kommunane skal få meir igjen dersom dei seier seg villige til å selje naturmangfaldet sitt til vindkraftselskap; blant desse er Fred. Olsen Renewables og Zephyr/Eviny. Hydro-direktør Arvid Moss seier at Hydro vil byggje ut vindkraft sjølv. Også vindkraft-forkjemparane i Storting og regjering lokkar med at det skal svare seg økonomisk for kommunane å seie ja. Og det har blitt lokka med arbeidsplassar andre plassar enn her i Sunnfjord og Høyanger, der Eviny har sitt nedslagsfelt.

Vi rustar oss for å møte Eviny-direktøren sitt «håp» om at stemninga vil snu. Dersom det er noko meir enn håp, la oss få vite det slik at kampen om fjella våre og naturmangfaldet kan føregå med blanke våpen.

Einar Rysjedal, nestleiar i Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn