Kyrkjeverje

Vil du bli kyrkjeverje i Høyanger?

Vi har ledig ei fast 100 % stilling som kyrkjeverje sidan vår daglege leiar gjennom om lag 20 år vert pensjonist frå komande årssskifte.
Høyanger kommune med ca 4.000 innbyggjarar har eit variert næringsliv med kraftproduksjon, aluminiumsindustri, oppdrett, handel og service, entreprenørskap og jordbruk som dei viktigaste næringane. Kommunen ligg i Vestland fylke nord for Bergen, på begge sider av Sognefjorden. Reisetida frå Bergen er ca. 3 timar med bil eller båt. Næraste flyplass er Førde lufthavn, ca. 45 minutt med bil frå Høyanger. 

Kommunesenteret Høyanger har i underkant av 2 000 innbyggjarar. Her er barne-, ungdoms- og vidaregåande skule, og det er god barnehagedekning.

Her er også kyrkjekontoret der prest, kantor, administrasjonssekretær, kyrkjelydspedagog og kyrkjeverje har sin arbeidsfellesskap.                                               

I tillegg er det i sokna tilsett kyrkjetenarar og klokkarar i ulike stillingsstorleikar.

Totalt utgjer dei tilsette i fellesrådet 5,5 årsverk pr. i dag.  Desse gjer teneste i 4 sokn, 5 kyrkjer og 1 bedehus der kyrkjelydane samlast, og på 8 gravplassar som er i bruk. 
Kyrkja skal vere ein møteplass for alle, der menneske kjenner at dei høyrer til og vert utfordra til tru og teneste. Kyrkja skal vere ein viktig ressurs for å skape gode lokalsamfunn, prega av nærleik, omsorg, identitet og kultur.  Arbeidsgjevar er Høyanger kyrkjelege fellesråd.

 

Arbeidsoppgåver 
Dagleg leiar for fellesrådet si verksemd

Personalansvar for dei tilsette i fellesrådet

Ansvar for HMT-arbeid

Ansvar for økonomi og langtidsplanlegging

Ansvar for drift og vedlikehald av kyrkjebygg og kyrkjegardar/gravplassar

Ansvar for gravplassforvaltninga i kommunen

Sekretær og sakshandsamar for fellesråd og utval

Ha god kontakt med offentlege myndigheiter og andre samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar 
Erfaring som leiar med personalansvar vert lagt stor vekt på

Erfaring innan organisasjonsutvikling

God innsikt, interesse og engasjement for kyrkjeleg verksemd, og kjennskap til Den norske kyrkja som organisasjon.

Krav om medlemskap i Den norske kyrkja.

God økonomi- og IKT-kunnskap

Universitets-/høgskuleutdanning, gjerne innan økonomi og leiing, Søkjarar utan høgskuleutdanning med relevant praksis vert også vurderte.

Evne til å kunna arbeida målretta og systematisk

God skriftleg og munnleg framstillingsevne

God kjennskap til offentleg forvaltning

Oppteken av nyskaping, utviklingsarbeid, og god inkludering av friviljuge.

 Personlege eigenskapar 
Ha gode evner til kommunikasjon og samarbeid

Lagbyggar som skaper relasjonar - internt og eksternt

Likar å arbeide målretta og systematisk

Vere fleksibel og kunna møta utfordringar

Vi tilbyr 
Ei interessant og utfordrande stilling

Kollegafellesskap med andre kyrkjeverjer i prostiet og i bispedømet

Løn etter avtale

Tilsetjing og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og avtalar innan KA sitt tariffområde

Pensjonsordning i KLP

Arbeidsrettleiing og ulike kurs for kyrkjeverjer

Kontaktinformasjon:
Leiar i fellesrådet: Sturla Bell Fossen mobil 994 94 745
Sokneprest: Andreas Ester mobil 452 21 737
Kyrkjeverje: Bjørnar Otterstein mobil 91763803

Søknadsfrist: 19.08.2022

Søknad med attestar og vitnemål legg du i Webcruiter, via www.kirkejobb.no.