Kulturskulelærar - vikariat

Kulturskulelærar - vikariat
Hyllestad og Fjaler kulturskule har ledig eit vikariat som kulturskulelærar, 100 % stilling, i tida 14.11.2022 - 23.03.2023.  Søknader til deler av stillinga vil òg bli vurdert.

Arbeidsoppgåver
· Undervisning av blåsegrupper i kulturskulen med barn og unge i Hyllestad, Fjaler og Askvoll
· Dirigering av korps og deler av stillinga er som musikklærar i grunnskulen
· Utarbeide pedagogisk opplegg og planlegge undervisning
· Gjennomføre elevkonsertar og samarbeid med kollegaer om felles elevprosjekt
· Gjennomføre "korps i klasserommet"
· Delta på personalmøter og bidra positivt i kollegasamarbeidet

Kvalifikasjonar
· Det er ønskjeleg med 3 års kunstfagleg utdanning frå høgskule eller tilsvarande
· Pedagogisk utdanning
· Relevant realkompetanse kan erstatte manglande formell utdanning
· Førarkort for personbil
· Tilfredsstillande politiattest må visast fram før tiltreding

Personlege eigenskapar
· Du kan arbeide sjølvstendig og ha gjennomføringsevne
· Gode samarbeidsevner med kollegaer og næraste leiar
· Serviceorientert og od på kommunikasjon

Vi tilbyr
· Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige kollegaer
· Løn etter kvalifikasjonar og tariff
· Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
· Hjelp til å finne bustad
· Bustadtilskot til førstegangsetablerarar
· Reduserte betalingssatsar i barnehagen
· Gratis trening i Hyllestadhallen (styrke- og spinningsal)


Kontaktpersonar:
Kulturskulerektor Mats Willemoès Systaddal 
tlf: +47 97460697 

Søknadsfrist: 25.09.2022 

http://www.hyllestad.kommune.no

https://hyllestad.easycruit.com/vacancy/3020563/141667?iso=nn

Velkomen som søkjar!