Kulturprisen til Bjarne Hellebø


Høyanger kommune sin kulturpris for 2020 er tildelt Bjarne Hellebø for hans mangeårige innsats i frivillig arbeid, no sist med restaureringa av Bispestova i Lavik.

-Bjarne Hellebø har i ein mannsalder vore svært aktiv i frivillig arbeid i Høyanger kommune. I 1975 var han med og starta Lavik Røde Kors hjelpekorps, eit medlemsskap han har halde på. Straks etter kjøpe dei første sjukebilen i Lavik, som var privatfinansiert. I to periodar har han også vore leiar i Høyanger Røde Kors, sa ordførar Petter Sortland i talen sin då han delte ut prisen på Øren Hotel onsdag ettermiddag, i samband med kommunestyret sitt julemøte.



Han trakk også fram ungdomslaget, som han har vore aktiv i sidan han var liten gut.



- Det siste prosjektet Bjarne har brukt svært mykje tid og krefter på er Bispestova i Lavik. I ei årrekkje har han vore kommunen sin fremste pådrivar for dette, sa han.



Enorm dugnadsinnsats

Etter at det sommaren 2011 vart oppdaga store råteskader på den gamle sperrestova som er å finne på prestegarden i Lavik vart Venneforeininga for Bispestova skipa, med Hellebø som leiar. Dei ville prøve å redde den frå vidare forfall og delvis føre den attende til tidlegare utsjånad, både inne og ute. 
Allereie same året var arbeidet i gong.

- Med stort pågangsmot og kunnskap organiserte Bjarne naudsynte synfaringer og møte for å hente ut tilskot til det store restaureringsprosjektet, sa Sortland. 



- I alle desse åra har det vore lagt ned ein enorm dugnadsinnsats, med Bjarne i spissen. Høyanger kommune set stor pris på arbeidet som er utført, kvaliteten på det, og engasjementet som er lagt ned. Det er imponerande! sa ordføraren og held fram: .- Det er no duka for ulike opplevingar og bruk av den restaurerte Bispestova. Den har eit stort potensial til bruk i formidling av historie og til andre, kulturelle føremål.

- Bjarne Hellebø er ein verdig vinnar av kulturprisen 2020, avslutta han.