Kraftutbyggingslandskapet i Høyanger er eitt av 21 utvalde

Skrevet av
02.11.2020 08:57 - OPPDATERT 02.11.2020 10:57

Kraftutbyggingslandskapet i Høyanger er eitt av 21 område i tidlegare Sogn og Fjordane som Vestland fylkeskommune føreslår bør få status som kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse.



- Vi meiner at landskapet i Høyangerfjella, som viser ulike stadier av kraftutbygging - og som er grunnlaget for etableringa av tettstaden - har ein veldig høg kulturhistorisk verdi. Difor arbeider vi no for at det skal vere med i det såkalla KULA-registerert, i regi av Riksantikvaren, seier seniorrådgjevar Arlen Bidne ved kulturavdelinga i Vestland fylkeskommune til Ytre Sogn.



I samband med dette arbeidet har dei no innspelsmøte med kommunar med område som dei meiner bør få denne statusen. Det inneber også synfaring i dei aktuelle områda, og i førre veke var turen komen til Høyanger.



Dette kartutsnittet viser det føreslåtte området i Høyangerfjella.

- Målet er å få oversikt over alle slike område i landet, for å bidra til meir kunnskap og medvit i kommunane og gje tydelege - og tidlege signal - frå kulturminneforvaltninga, seier Bidne og utdjupar: - Vi får vise fram verdiane i landskapa, og seie noko om korleis vi meiner dei bør takast vare på.



Ho understrekar at det ikkje er snakk om å verne eller frede område, men at det altså skal nyttast som kunnskapsgrunnlag for arealforvaltning.



Andre område i ytre delar av Sogn som er med på den føreslåtte lista deira er:
 * Turismelandskapet i Balestrand og Vangsnes i Sogndal og Vik kommunar

* Gulatinget i Gulen kommune 

* Kvernsteinlandskapet i Hyllestad kommune



Les meir i neste Ytre Sogn!

Dei menneskelege spora etter utbygginga i Høyangerfjella er tydelege.

[annonse]