Kraft 2024


Me er akkurat ferdig med ein kamp rundt, og for CO2–kompensasjonen. CO2–kompensasjonen har for ordens skuld ingenting med CO2-utslepp å gjere. Den har med prisen på straum å gjere. Og i motsetning til avisa DN har dei fleste politikerane skjønt kva gode dette er for staten Norge, og verdien dette har for oss. Ergo kjem me fram med ei løysing som gir det meste av landindustrien vår langsiktige konkurranseforhold som er til å leve med.

Energi er ein naturgitt ressurs som me nordmenn har vore flinke til å både utvikle og bruke. Energi har gitt grobotn for å utvikle landet og samfunnet, til eit av dei beste å leve i. Det må me aldri gløyme. Utan energi er det hverken rom for å drive trendanalyse frå kafe eller jobbe frå heimekontor. Slik er det bare!

Me kjem aldri til å få strømunderskot i Norge. Me vil aldri oppleve at Ola og Kari Nordmann må ha periodar der ein er nøydd til å rasjonere på forbruket. Nokon meiner at prisen me må betale for strøm, vil føre til at dette blir et sjølvpålagt, privat initiativ. Det er mulig, men ein vil ha tilgongen til kraft om ein ønsker det. 

Men når et slikt bilde er blitt ein realitet, vil det meste av landbasert industri i Norge, vere historie. Det er nok vanskelig å sjå dette som ein realitet for den menige mann og kvinne. Men når ett, 1 øre, strømprisauke medfører to-sifra millonbeløp i årlig driftsauke gjer det kanskje bildet meir forståelig.

Når me som mennesker skal argumentere for valga me tar, er det viktig å vere klar over kva me har, kvifor me har, og kva me vil ha. Å erkjenne fakta. Og konsekvens av valga me tar. Husk at det Norge me kjenner i dag, er bygd på fakta, ikkje følelsar.

Så korleis rustar me oss for ei framtid som vil kreve meir energi. Kva valg har me som aukar kraftmengden me kan bruke, både privat og industrielt. Vatn, vind, solkraft, atomkraft, kullkraft og vind til havs.

Dei ulike valga medfører utfordringar av ulikt slag. Det dei har til felles er at inngrep i natur og miljø, det medfører dei alle. Enten det er i tilblivelse, drift eller etterpå.

La oss ta dei mest aktuelle alternativa suksessivt, og la oss begynne med det som er kalla arvesølvet vårt. Vannkrafta. 

Kraftkrevandes industri sin oppstandelse, fann stad, tidlig i forrige århundre. Forutsetningane var? Tilgang til kraft og isfrie fjordar. Sam Eyde og hans likemenn fekk utretta fundamentet som me har basert vår velstand på i dag. Ein tydelig politikk som me, med et historisk tilbakeblikk, kan sjå på som særs velukka. Vedlagt finn dåke eit utklipp frå ringvirkningsanalysen som kom i 2024: 

Kraftforedlende industri hadde en direkte verdiskaping på 68 mrd. kroner og sysselsatte 22 000 årsverk i 2022. Kraftforedlende industri hadde dermed en verdiskaping per årsverk på om lag 3,1 millioner kroner i 2022. Dette er nærmere dobbelt så mye som for markedsrettet virksomhet på Fastlands-Norge i gjennomsnitt og om lag tre ganger så høy som industrien utenom kraftforedlende industri.

Det me har, kom på grunn av noko! Situasjonen dag er at det i overkant av 390 verna vassdrag i Norge. Et Norge med 35 milliarder i flaumkostnader dei siste ti år. (Dette er tal som for øvrig, ikkje inkluderer utgifter knytt til veg, bilar, og anna infrastruktur). Sverige har tre verna vassdrag.

Det er sikkert gode grunnar til denne forskjellen, men det får ein jo til å undre. Spesielt når ein er gammal nok til å huske utbygginga i Alta-vassdraget. Steike altså. Så det var ikkje bare vind og atomkraft som laga folkeaksjonar. Det var vatn og? Dagens arvesølv? 

Solkraft lar me passere som løysing.

Ifølge Sunniva Rose, (Norsk Kjernekraft) er atomkraftverk, med alle fønvindars mor i ryggen, først ein realitet i løpet av 13/14 år. Sjølv når eit slikt kraftverk er ferdig, vil det ikkje kunne levere straum til ein pris som kjem oss til hjelp. Då må det eventuelt komme fleire. Fort. 

Og er det kjekt å snakke om atomkraft, nettopp derfor. Fordi det ligg 15 år eller meir fram i tid. Det gjer til at me ikkje har dei vanskelige debattane no. Korleis er folk si innstilling når me kjem til avfallsdeponi mon tru? Den tida kjem den. 

Uansett, så blir realisering av atomkraft for langt fram i tid. At det vil bli ein del av energimiksen i framtida er nok mykje sannsynlig.

Vindkraft. Djevelens verk, og den heitaste delen av debatten. Kan ikkje brukast, alt for ustabil, dreper fugl og strør microplast. Og raserer urørt natur. Eller den perfekte balansekraft oppimot vår vasskraft, det minste naturinngrepet. Kor mange tenker på microplast når dei tek vårpussen på båten eller kjører bil? Betydelig meir kjem ifrå slike kjelder. Fugledøden den står for, samanlikna med stoveglas og jaktutbytte frå ein av våre 700 000 kattar, er mikroskopisk. Dei eksporterer faktisk havørn nordifrå til Europa no, sidan bestanden er rekordhøg. Ikkje på grunn av vindkraft, men i samliv med. Ein bonde tek ut skog som er rundt 60 år gammal. Kva dyreliv har etablert seg i denne skogen etter desse åra? Me treng material, men og kraft.

Klimamål, (elektrifisering av sokkel, utsleppsfri industri), elektrifisert båt og biltrafikk, auka privat forbruk (mest sannsynlig til tross for energieffektivisering) og utvikling av nye verdiskapningar.

Kva gjer me? Skal me sette strek over forrige avsnitt og melde oss ut av det meste av internasjonalt samarbeid og avtaleverk? Norge har til dømes fått et nytt politisk parti dei siste åra. Industri og næringspartiet. Navnet til tross, så er det ikkje forankra i noko industri oss bekjent. Med ut av EØS og nei til vindkraft som fanesaker, eksisterer nok dette partiet med ei anna verdsoppfatting enn vår. Storbritannia er et godt eksempel på korleis det kan gå, når ein set strek over internasjonale fellesskap. 

CO2-kompensasjonen vart reforhandla og sikra landbasert industri levedyktige konkurransevilkår fram mot 2030. No er det tida for å ta valg som gir oss kraft nok til å fortsette å eksistere og utvikle industri, samfunn og verdiar. Og å halde liv i bygder som t.d. Høyanger og Husnes. Det bør vere opplagt for alle, kva som var høna og egget på industristader som dette. Alt me har i desse samfunna har med svært få unntak vore påvirka av korleis det står til med hjørnesteinsbedrifta vår. Og me har mange slike plassar langs heile kysten vår. Legg ved et nytt utklipp frå ringvirkningsanalysen:

Me møter produktene frå kraftforedlende industri i nesten alt menneskene omgir seg med, frå bygninger til smarttelefoner. Elektrisk kraft er ein svært viktig innsatsfaktor i kraftforedlende industri, som er bakgrunnen for begrepet kraftforedlende industri.

Særlig for lokalsamfunn vil antall arbeidsplasser en næringsvirksomhet skaper også vere av stor betydning, ettersom det lokale arbeidsmarkedet er en viktig del av stedets bostedsattraktivitet. For å forstå betydningen av kraftforedlende industri, er det verdt å merke seg at i et nasjonalt perspektiv står Norge i dag, og sannsynligvis de kommende tiårene, overfor en situasjon der mange virksomheter og næringer rapporterer om mangel på arbeidskraft (NAV, 2023). Slik vil næringsvirksomheter som skaper store inntekter per arbeidstaker vere særlig viktig for landets samlede inntektsutvikling. Det er altså i både samfunnets og virksomhetenes interesse at alle virksomheter, herunder kraftforedlende industri, skaper størst mulig inntekter per sysselsatt.

Til dette treng me meir kraft og folk. Og samfunnet rundt oss, treng bedriftene for å leve liva sine. Miljøet vil og utvilsomt vere ein vinnar med opprettholdelsen av norsk landbasert industri. Som DumDum Boys så treffande skriv, «Det finnes ikke piller mot møkkete vann», men det finnes utvikling!

Samarbeidskomiteen for Aluminium: Ingunn Hansen, Jan Åge Johansen (Speira), Steinar Syvertsen, Jan Atle Toft, Magne Elvenes, Stian Nordal Jensen (Alcoa), Torleif Sand, Gaute Løseth, Morten Skarsbø, Trygve Hagen, Margunn Sundve, Per Frode Johansen, Gunnar Børseth, Arve Baade, Odd Inge Larsen, Terje Ljotebø, Frode Markhus, Tor Jørgen Sætrevik (Norsk Hydro)

Speira-klubben
Lista Kjemiske Fagforening
Mosjøen Kjemiske Arbeiderforening
Årdal Kjemiske Fagforening
Årdalstangen Kjemiske Arbeiderlag
Alnor Kjemiske Fagforening
Sunndal Kjemiske Fagforening
Høyanger Kjemiske Industriarbeiderforening
Husnes Kjemiske Fagforening